Apeks i astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rørsla til stjerner med spektralklasse B og A kring apeks (venstre) og antiapeks (høgre) på ± 200 000 år.

Apeks i astronomi kan syne til rørsla til jorda i forhold til sola, eller rørsla til sola gjennom Mjølkevegen.

Apeksen til jorda er det punktet på himmelen som rørsla til jorda i forhold til sola i ein gjeven augneblink er retta mot. Han ligg i ekliptikken, kring 90° vest for sola.

Apeksen til solsystemet er på liknande vis det punktet på himmelen (nær stjerna ξ Herculis, sørvest for stjerna Vega) som sola, sett i forhold til dei klåraste stjernene, flyttar seg mot med ein snøggleik på 16,5-19,5 km/s. Det diametralt motsette punktet vert kalla solsystemet sitt antiapeks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]