Apetor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apetor

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. november 1964
Kristiansund
Død

27. november 2021 (57 år)
Ullevål sykehus, Oslo

Yrke youtubar, industriarbeider, internettpersonlighet
Apetor på Commons

Tor Eckhoff (22. november 196427. november 2021), òg kjend som Apetor, var ein norsk youtubar kjend for sine videoar der han utførte farlege aktivitetar på frosne vatn med han drakk vodka. Han døydde i 2021 etter han fall gjennom isen ved ein innsjø vest for Kongsberg med han filma ein video.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Eckhoff laga YouTube-profilen sin i oktober 2006.[1] Han fekk sitt gjennombrot med videoen «On thin sea ice 2» i 2011, som fekk over 1 million visingar i laupet av ei uke. I videoane hans drikk han vodka, står på skøyter, og styp gjennom isen.[2]

Ulykka[endre | endre wikiteksten]

26. november 2021 fall Eckhoff gjennom isen ved Jakobs dam vest for Kongsberg med han spelte inn ein video til sin YouTube-kanal. Etter eit vitne høyrde han ropa etter hjelp,[3] drog dykkarar han opp og gjennomførte livreddande innsats. Han vart floge med luftambulanse til Ullevål sjukehus i Oslo, der han døydde 27. november.[4] Identiteten hans var ikkje kjend før ei pressemelding fra søraust politidistrikt 28. november. Familien hans var informert om kunngjeringa. I pressemeldinga kunngjorde dei at Eckhoff var aleine da han gjekk gjennom isen, og at det ikkje var nokon straffbare forhold som hadde skjedd. Politi på staden fortalde at det var skore hol i isen, som dei antok var for å bade i. 1,2 millionar personar var abonnert til Eckhoff sin kanal da han døydde.[5] Gravferda til Eckhoff vart heldt 7. desember ved Orelund kapell. Han vart gravlagd ved Ekeberg gravlund.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gåsholt, Kåre (25. februar 2012). «YouTube-fenomenet sett av fem millioner». Sandefjords blad (på norsk bokmål). 
  2. Nergård Pettersen, Marius (30. januar 2015). «Møt en av YouTubes mest populære nordmenn». Aftenposten (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 30. november 2021. 
  3. Neira Torres, Mario Andrés (28. november 2021). «Tor Eckhoff omkom etter drukningsulykke i Kongsberg». Nettavisen (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 28. november 2021. 
  4. Walnum, Amanda Nordhagen (28. november 2021). «Tor Eckhoff gikk gjennom isen – døde». Dagbladet (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 28. november 2021. 
  5. Gjerde, Elisabeth; Strand, Tonhild S. (28. november 2021). «Youtube-profil døde etter å ha gått gjennom isen». Sandefjords Blad (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 7. desember 2021. 
  6. «Tor Eckhoff» (på norsk bokmål). Bøe Begravelsesbyrå. Arkivert frå originalen 4. desember 2021 – via Våre Minnesider.