Apofyllitt
Apofyllitt | |
![]() | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Fyllosilikat |
Kjemisk formel | (K,Na)Ca4Si8O20(F,OH)•8H2O |
Identifikasjon | |
Farge | Uvanleg kvit, fargelaus; òg blå, grøn, brun, gul, rosa, fiolett |
Krystallform | prismatisk, søyleforma, massiv |
Krystallsystem | Tetragonal; (Apofyllitt-(NaF) er ortorombisk) |
Kløyv | perfekt på [001] |
Brot | Ujamn |
Mohs hardleiksskala | 4.5 - 5 |
Glans | glasaktig; perleaktig |
Strekfarge | Kvit |
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg |
Spesifikk vekt | 2.3 – 2.4 |
Optiske eigenskapar | |
Brytingsindeks | 1.536 |
Pleokroisme | Dikroisk (fargelaus) |
Kjelder | [1] |
Apofyllitt er eit fellesnamn for minerala hydroksyapofyllitt og fluorapofyllitt. Dei er begge kvite eller svakt farga mineral med perlemorglans. Fluorapofyllitt er det vanlegaste av desse, og kan opptre i vene tetragonale krystall på sprekkar og holrom i lavaer og andre bergartar, ofte saman med zeolittar.
I Noreg er dei kjent frå kontaktsonene i Oslofeltet, Kongsberg, Arendal, Sulitjelma og andre stader. Den kjemiske samansetnaden er (K,Na)Ca4Si8O20(F,OH)•8H2O. Hydroksyapofyllitt er særs sjeldan, og i Noreg kjent frå gruvene i Mofjellet ved Mo i Rana.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Apofyllitt». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 13. februar 2014.