Apollonius Rosenlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apollonius Rosenlund

Fødd21. september 1862
Død11. mars 1934 (71 år)
Statsborgar avNoreg
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1900–1903)
  • vararepresentant til Stortinget (1913–1915)
  • stortingsrepresentant (1916–1918) Sjå dette på Wikidata

Apollonius Liljedahl Johannesson Rosenlund (21. september 186211. mars 1934) var ein norsk lærar og politikar frå Vik i Sogn. Han representerte VenstreStortinget i åra 1913-18.

Far hans var lærar og kyrkjesongar i Vik. Sjølv vart Rosenlund seminarist frå Stord i 1883. Dei to komande åra var han dels lærarvikar og huslærar. Frå 1886 var han lærar i Davik prestegjeld i Nordfjord, frå 1891 også kyrkjesongar. I 1896 fekk han også jobben som kasserar i den lokale sparebanken. Same året vart han medlem i formannskapet i Davik kommune, varaordførar 1897-98, og ordførar frå 1899 til 1916. Attåt var han forlikskommissær frå 1898.

Valperiodane 1913-15 og 1916-18 representerte Rosenlund Nordfjord krins på Stortinget, der han var medlem av Protokollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]