Apollos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apollos

Statsborgarskap Egypt
Fødd 1. hundreåret
Alexandria
Død

1. hundreåret

Yrke prest
Språk arabisk, egyptisk arabisk

Apollos var ein tidleg jødisk kristen frå Alexandria som levde i det første hundreåret e. Kr.

Apollos i Det nye testamentet[endre | endre wikiteksten]

Apollos blir nemnt i det nye testamentet fyrste gongen i Apostelgjerningane då han kom til Efesos og fekk rettleiing av Akvilas og Priskilla. Han drog seinare derifrå til Korint for å forkynna om Jesus, og samarbeidde elles med Paulus.

I Paulus’ fyrste brev til korintarane kommenterte Paulus at dei kristne i Korint skilde seg i ulike grupper. Nokre heldt seg til Paulus, og andre til Apollos, eller Apostelen Peter, truleg fordi dei la vekt på ulike ting i forkynninga si. Paulus illustrerte at han og dei andre spela på same lag, ved å seia: «Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.»[1]

Martin Luther føreslo at Apollos kunne vera forfattaren av det anonyme Brevet til hebrearane, men bortsett frå dette finst det ingen tekstar i dag som er skrivne av Apollos. I tillegg til Apostelgjerningane og korintarbrevet er Apollos også nemnt i Paulus’ brev til Titus. Apollos er heidra som helgen av fleire kristne kyrkjer.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referanse[endre | endre wikiteksten]