Varselfarge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aposematisme)
Geithams og andre stikkveps har fargar som signaliserer at dei bør få vera i fred.

Varselfargar er sterke, iaugefallande fargar som signaliserer at eit dyr er giftig, farleg eller uetande. Dei er særleg vanlege hjå insekt, ei gruppe som jo er svært artsrik – men finst òg hos m.a. slangar, frosk,[1] padder og pattedyr. Det finst flest dyr med varselfargar i tropane, men ein finn òg mange på høgare breiddegradar. Mest kjent i Noreg er nok dei svarte og gule stikkvepsane. Også marihøner – som skil ut ei gul væske som fuglar set lite pris på – har varselfargar. Varselfargar fungerer i høve til predatorar som jagar eller orienterer seg ved hjelp av synet, t.d. fuglar, og dei finst vesentleg hos dagaktive dyr. I høve til dyr som maur og flaggermus har dei liten eller ingen verknad.

Dei sterke fargane til denne frosken signaliserer at han er giftig.
Honninggrevlingen sine «omvende fargar» (lys rygg, mørk buk) varslar om eit hissig dyr med skarpe tenner og klør.

Ikkje alle sterke fargar er varselfargar[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire typar sterke fargar som ikkje er varselfargar:

  • Mange fuglar i tropiske regnskogar har sterke fargar, ofte vakkert metalliske, men desse gjer dei ofte godt kamuflerte i dei naturlege miljøa deira. Det same gjeld nokre tempererte dyr, som grøn lauvgrashoppe.
  • Ein del hanndyr har sterke fargar, særleg i paringstida, for å lokka til seg hoer.
  • Mange dyr med sterke fargar etterliknar giftige, uetande eller farlege dyr med varselfargar (batesisk mimikry). Stikkvepsane blir etterlikna av blomsterfluger, glasvenger, ein del graveveps (t.d. biulven) m.fl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lasse Biørnstad (6. juni 2015), «Mini-frosker oppdaget i regnskogen», forskning.no (på norsk), henta 4. juli 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Varselfarge