Appalachian dulcimer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Appalachian dulcimer

KlassifiseringDulcimer
Hornbostel-Sachs klassifisering314.122-5
Døme
Liknande instrument
Speleregister
Typisk moderne: D3-D6 (diatonisk)

Appalachian dulcimer er eit strengeinstrument utvikla i USA med utgangspunkt i ein instrumenttype kjend fleire stader i Europa, som nederlandsk hummel, fransk epinette des Voges og norsk langeleik. Det er særleg kjend frå folkemusikk i Appalachane i Aust-USA.[1]

Instrumentet er også kjend som lap dulcimer, mountain dulcimer, Kentucky dulcimer og mountain zither eller kortare namn som delcumer, dulcymore, harmonium, hog fiddle, music box og harmony box.[1][2]

Mann med to dulcimerar

Dulcimeren har fire strengar. Han har ein dobbel melodistreng, ein bass- og ein kvintstreng, og har ofte open stemming. Gripebrettet har diatonisk skala. Instrumentet blei tradisjonelt spelt ved at strengane blei pressa ned med ein «noter», ein rund pinne av tre, men i dag kan ein også spela dulcimer med fingrane. Dette gjer at ein også kan spela akkordar. Strengane blir plukka med eit plekter.

Ein knyter særleg appalachian dulcimer til tradisjonell amerikansk folkemusikk. Ein av dei fremste utøvaraene var Jean Ritchie frå Kentucky (f. 1922). Instrumentet er også brukt i moderne musikk, der ein til dømes kan nemna Joni Mitchell, som stemmer dulcimeren på utradisjonelt vis og speler akkordar. I England er dulcimeren blitt brukt av Brian Jones i The Rolling Stones og av folkrock-grupper som Fairport Convention og Steeleye Span, i Noreg av Folque og Kong Lavring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lucy M. Long. «Appalachian dulcimer», Grove Music Online, red. L. Macy (henta 3. juni 2015), grovemusic.com (krev medlemskap)
  2. Marcuse, Sibyl; Musical Instruments: A Comprehensive Dictionary; W.W. Norton & Co.; New York: 1975. Appalachian Dulcimer.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Randall Armstrong: «The Adaptable Appalachian Dulcimer». I Music Educators Journal, Vol. 66, No. 6, februar 1980, s. 38–41 (Sage Publications)
  • Lucy M. Long: «Appalachian dulcimer». I Deane L. Root: Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press.
  • Sibyl Marcuse: Musical Instruments: A Comprehensive Dictionary, W.W. Norton & Co.; New York: 1975. ISBN 0060127767