Appellrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein appellrett eller ankedomstol er ein domstol med mynde til å ta opp ankar frå ein magistratrett eller ein annan lågare domstol. I dei fleste lovverk er domstolsystemet delt i minst tre nivå: ein magistratrett – som innleier sakene og vurderer prov og vitne for å avgjere kva som er fakta i saka, og fell dom – minst ein appellrett, og ein høgsterett – som fyrst og fremst vurderer saksgangen og resultatet frå dei tidlegare instansane. Ein høgsterett er såleis også ein slags appellrett.

Appellrettane rundt omkring i verda kan ha ulike framgangsmåtar og reglar. Til dømes er den tradisjonelle lokale appellretten på Isle of Man Staff of Government Division, som berre har to dommarar, som er kalla «Deemsters». Avgjerdene deira vert sett i samanheng med avgjerdene i dei tidlegare instansane. Dei utgjer nesten alltid fleirtalet, så lenge ein av dei er einig i den tidlegare avgjersla.

Appellrettane i Noreg er lagmannsrettane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]