Appleby-in-Westmorland
Utsjånad
| Appleby-in-Westmorland | |||
| by | |||
Boroughgate. Foto: Carl Bendelow | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Cumbria | ||
| Distrikt | Eden | ||
| Folketal | 2 862 (2001)[1][2] | ||
| Postnummer | CA16 | ||
| Retningsnummer | 01768 | ||
![]() Appleby-in-Westmorland 54°34′37″N 2°29′06″W / 54.577°N 2.485°W | |||
| Wikimedia Commons: Appleby-in-Westmorland | |||
Appleby (kalla Appleby-in-Westmorland for å skilje han frå andre byar med same namn) er ein by i Cumbria i England. Han var administrasjonsby for Westmorland inntil dette grevskapet vart ein del av Cumbria i 1974. Han er blant dei minste stadane i England med bystatus.
Hovudnæringsvegen er turisme, sidan byen ligg i vakre omgjevnader nær Lake District nasjonalpark. Ein av dei viktigaste lokale attraksjonar er Appleby slott, der lady Anne Clifford budde på 1600-talet. I seinare år har slottet ikkje vore tilgjengeleg for publikum, noko som har ført til ein nedgang i mengder turistar.
Utanom turisme er mange sysselsett i landbruket, medan andre pendlar til omkringliggande byar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.neighbourhood.statistics.gov.uk/dissemination/LeadTableView.do?a=3&b=793063&c=Appleby-in-Westmorland&d=16&e=15&g=432597&i=1001x1003x1004&o=1&m=0&r=1&s=1339253695663&enc=1&dsFamilyId=779.
- ↑ «Key Statistics»; vitjingsdato: 23. juni 2025; utgjevar: Office for National Statistics; avsnitt, vers eller paragraf: Tables KS001 (Usual resident population) and KS016 (Household spaces and accommodation type).
- Denne artikkelen bygger på «Appleby-in-Westmorland» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2011.
