Aptering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå aptering på skip.

Aptering er ei nemning i skogbruk for å finne ut og merkje av på ei trestamme kvar ho skal kappast. Dette gjer at trevyrket kan nyttast på best mogleg måte, slik at den økonomiske vinninga vert optimalisert.

Ordet aptere kjem frå latin aptare som tyder 'måte til, setje i stand'.

Apteringa kan skje rett før tømmeret vert kappa, eller ved at kappestadene vert merkt av på tømmerstokken, ofte ved at det vert saga ein ring i barken. Avgjerande for apteringa er feil, kvistmengd, krok, råte, dimensjonar og avsmaling. Dei viktiagste hjelpemidla ved apteringa er pristabell, måleband og klave.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]