Aqraa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aqraa
جبل الأقرع
fjell
Aqraa ved byen Kesab
Land  Syria,  Tyrkia
Guvernat guvernatet Latakia
Høgd 1 709 moh.
Koordinatar 35°57′9″N 35°58′9.5″E / 35.95250°N 35.969306°E / 35.95250; 35.969306
Kart
Aqraa
35°57′09″N 35°58′10″E / 35.9525°N 35.969305555556°E / 35.9525; 35.969305555556

Aqra (arabisk جبل الأقرع, ǧabal al-Aqra); òg kjend som Safon i Bibelen, og Casius for grekarane) er eit fjell nær munningen til elva Orontes på grensa mellom Syria og Tyrkia, kring 10 km nord for Ras Shamra.

Aqraa frå den tyrkiske sida.

Fjellet stig bratt opp frå ei smal kystslette, og er eit kjennemerke for sjøfolk i området. Det har også ei lang historie som heilagt fjell.[1] I følgje ugarittiske tekstar var Aqra det heilage fjellet der stormguden Baal (Baal-Hadad i kananittisk mytologi), der palasset hans vart reist av lasurstein og sølv, og der lynet hans slo den nærliggande sjøen (Yam) og Døden (Mot). Fjellet hadde ein kult som heldt til her og i følgje mytologien budde gudinna Anat på toppen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robin Lane Fox, Travelling Heroes in the Epic Age of Homer (New York:Knopf) 2009, ch. 15:"A Travelling Mountain" s 243-58, assembles a well-referenced cultural history of the mountain, followed in this article.
  2. Fox 2009:244.