Aqualate Mere

Koordinatar: 52°46′52″N 2°20′21″W / 52.7812°N 2.3392°W / 52.7812; -2.3392
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aqualate Mere
innsjø
Land  England
Område Staffordshire
Innsjøtype Tjern
Lengd 1,5 km
Breidd 0,5 km
Koordinatar 52°46′52″N 2°20′21″W / 52.7812°N 2.3392°W / 52.7812; -2.3392
Byar Newport i Shropshire
Kart
Aqualate Mere
52°46′52″N 2°20′21″W / 52.7812°N 2.3392°W / 52.7812; -2.3392
Wikimedia Commons: Aqualate Mere

Aqualate Mere er den største naturlege innsjøen i Midlands i England, og vert forvalta av nasjonalt naturreservat (NNR) av Natural England.[1] Innsjøen er restane etter den førhistoriske Lake Lapworth. Namnet kjem frå angelsaksisk Āc-gelād som tyder 'eikelund'.

Aqualate ligg i soknet Stafford i Staffordshire i England, om lag 2 km aust[1] for kjøpstaden Newport i Shropshire.

Innsjøen er 1,5 km lang og 500 meter brei og er særs grunn. Ingen stader er djupare enn éin meter. Aqualate Mere er eit døme på eit eskersystem (sjeldan i the Midlands) danna av smeltevatnet etter isbrear under den siste istida for om lag 50 000 år sidan.[2] Senkinga som innsjøen ligg i trur ein er ei jettegryte[1] og det høgare landskapet rundt innsjøen består av sand- og grusavleiringar frå isbreen.

Innsjøen har eit rikt fiske- og fugleliv, med mange overvintrande fuglevilt og hekkande storspove og dobbeltbekkasin. Landområdet rundt innsjøen er òg viktig både botanisk og zoologisk. Her finn ein ilder, vånd, dvergmus og flaggermus som dvergflaggermus, vassflaggermus, børsteflaggermus, skogflaggermus og skjeggflaggermus.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]