Ar'ara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om byen nord i Israel. For samfunnet sør i Israel, sjå Ar'arat an-Naqab.
Koordinatar: 32°29′40.41″N 35°05′38.81″E
Ar'ara
עַרְעָרָה, عرعرة
lokal kommune
Ar'ara Mosque.jpg
Moské i Ar'ara
Namneopphav: Einebærbusken[1]
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°29′40.41″N 35°05′38.81″E
Folketal 22 828 (2011) [2]
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ar'ara

'Ar'ara (arabisk عرعرة; hebraisk skrift עַרְעָרָה, einebærbusk[1]) er ein arabisk by i Wadi Ara-regionen nord i Israel. Han ligg sør for Umm al-Fahm, like nordvest for den grøne linja og er ein del av Triangelet. I 2011 var folketalet 22 828.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne graver med nisjer, hogd ut i stein, og austromersk keramikk.[3]

Det er grave ut i eit gravkompleks frå romartida ved Ar'ara med leirlampar og glassilåt og perler, som var vanleg dei første fire hundreåra. Det er òg funne leirbitar frå mamelukktida på same staden.[4]

I krossfarartida vart staden kalla Castellum Arearum. I landdelinga gjort av sultan Baybars i 1265-1266, vart Ar'ara delt mellom amirane hans Ala' al-Din og Sayf al-Din Bayhaq al-Baghdadi.[5]

Ar'ara, vart som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i 1596 stod han oppført i Ar'ara i osmanske skattelister som ein del av Shara nahiya i Lajjun liwa. Han hadde åtte muslimske hushaldningar og betalte skattar for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bikubar.[6]

På 1700-talet var landsbyen framleis i Lajjun distrikt, men inntektene frå staden gjekk til mutasarrıfen i Jaffa.[7] Seint på 1800-talet vart staden skildra som:

Ein landsby med moderat storleik i høgda, med ei kjelde i aust, ei anna kjelde i vest og ein brunn i sør. Det finst graver hogd ut i berget i nærleiken. Folketalet er 400.[8]

I folketeljinga i 1922 utført av dei britiske mandatstyresmaktene hadde Ar'ara 735 innbyggjarar, alle muslimar.[9] Dette auka i 1931 til 971, framleis alle muslimar, fordelt på 150 hus.[10]

I 1945 hadde Ar'ara og Arah eit folketal på 2 290 og privateigde landområde på 29 537 mål,[11] i tillegg til 5 802 mål kommunalt land.[12] Av dette var 1 724 mål nytta til plantasjar og kunstig vatna land, 20 560 for korn,[13] medan 33 mål var utbygde område.[14]

Ar'ara vart overført frå Jordan til Israel i 1949 som ein del av Rhodes-avtalane.[15]

Nabolandsbyen ʿAra vart slått saman med Ar'ara i 1985.

Panoramabilete
Panoramabilete

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Palmer, 1881, p.144
  2. 2,0 2,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 8. mars 2015. 
  3. Dauphin, 1998, p. 747
  4. Massarwa, 2007, Ar‘ara Final Report
  5. Ibn al-Furat, edition Lyons and Lyons, I, p.102; II, p.81. sitert iPetersen, 2001, p. 94
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, p. 159
  7. Cohen, 1973, s.175, sitert iPetersen, 2002, s.94
  8. Conder and Kitchener, 1882, SWP I, p. 41. Also cited in Petersen, 2001, p.94.
  9. Barron, 1923, Table XI, Sub-district of Haifa, p. 34
  10. Mills, 1932, p. 87
  11. Sabri Jiryis (1976). «The Land Question i Israel». MERIP Reports 47: 5–20+24–26. 
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 47
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 89
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 139
  15. Family Affair: The Masarwah-Marzuks, Haaretz

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]