Ar-Ram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A-Ram
الرّام, al-Ramm, al-Ram
kommune
Al-Ram i bakgrunnen
Namneopphav: Åsen/Stilleståande vatn[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Jerusalem guvernement
Koordinatar 31°51′12.35″N 35°14′00.12″E / 31.8534306°N 35.2333667°E / 31.8534306; 35.2333667
Areal 3,3 km²
Folketal 25 595  (2006)
Folketettleik 7 756 / km²
Kart
Ar-Ram
31°51′12″N 35°14′00″E / 31.853430555556°N 35.233366666667°E / 31.853430555556; 35.233366666667
Wikimedia Commons: Al-Ram

A-Ram eller al-Ramm (arabisk skrift الرّام, hebraisk skrift אל-ראם) er ein palestinsk by nordaust for Jerusalem, like utafor kommunegrensa til byen. Landsbyen er ein del av det urbane området kring Jerusalem, Atarot industrisone og Beit Hanina ligg i vest, og Neve Ya'akov ligg i sør.[2] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde a-Ram eit folketal på 25 595 i 2006.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I krossfarar-kjelder vart Al-Ram kalla Aram, Haram, Rama, Ramatha, Ramitta, eller Ramathes.[3]

Al-Ram var ein av 21 landsbyar som kong Godfrey gav som eit len til Den heilage grav-kyrkja[4][5]

Alle innbyggjarane i landsbyen som vart nemnde i krossfararkjelder mellom 1152 og 1160 hadde namn som indikerer at dei var kristne.[6][7]

Landsbyen vart nemnt kring 1161, då ein krangel om landegrenser vart avgjort.[7][8]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1838 skreiv Edward Robinson at landsbyen var særs fattig og liten, men store steinar og spreidde søyler indikerte at han ein gong hadde vore ein viktig stad.[9] I 1870 skreiv den franske oppdagaren Victor Guérin at landsbyen hadde kring 200 innbyggjarar.[10]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine, Er Ram, som «ein liten landsby, lett synleg på toppen av ein kvit ås, med oliven. Han har ein brunn i sør. [..] Husa er av stein, delvis bygd av gamle materiale».[11]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 hadde Ram 208 innbyggjarar, alle muslimar.[12] Dette auka i folketeljinga i 1931 til 262, framleis alle muslimar, i 51 hus.[13]

I ei folketeljing i 1945 hadde Er Ram eit folketal på 350 arabarar, og eit samla landareal på 5 598 mål.[14] 441 mål var for plantasjar og irrigert land, 2 291 for korn,[15] medan 14 mål var utbygde område.[16]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949 kom Al-Ram under Jordan sitt styre.

Etter seksdagarskrigen i 1967 har Al-Ram has vore under israelsk okkupasjon.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 324
  2. «The Israeli separation barrier surrounding a-Ram». Btselem. 1. januar 2014. Henta 18. januar 2014. 
  3. Pringle, 1998, s. 179
  4. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 11
  5. de Roziére, 1849, s. 263: Haram, sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16-17, No 74
  6. Röhricht, 1893, RRH, s. 70- 71, No 278; s. 92, No 353
  7. 7,0 7,1 Pringle, 1998, s. 180
  8. Röhricht, 1893, RRH, s. 96, No 365
  9. Robinson and Smith, 1841, vol 2, s. 315-317
  10. Guérin, 1874, s. 199 ff
  11. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 13
  12. Barron, 1923, Table V||, Subdistrict of Jerusalem, s. 14
  13. Mills, 1932, s. 42
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 58
  15. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 104
  16. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 154

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]