Ar-Raqqah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ar-Raqqah
الرقة (arabisk)
by
Solnedgang over taka i ein av dei moderne bydelane
Land  Syria
Guvernement Ar Raqqah guvernement
Distrikt Ar-Raqqah-distriktet
Nahiyah Al-Raqqah
Høgd 245 moh.
Koordinatar 35°57′N 39°1′E
Areal 1 962 km²
Folketal 220 268  (2012)
Grunnlagd 244-242 fvt.
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 22
Kart
Ar-Raqqah
36° N 39° E
Wikimedia Commons: Raqqa

Ar-Raqqah (arabisk الرقة, ar-Raqqah), òg kalla Raqqa eller Rakka, er ein by nord i det sentrale Syria ved den nordlege breidda av Eufrat, kring 160 km aust for Aleppo. Han er hovudstad i Al-Raqqah guvernement og ein av dei viktigaste byane i det historiske Diyār Muḍar, den vestlege delen av Jazīra. I følgje folketeljinga i 2004 var folketalet i byen 220 488.

Al-Nusra-fronten tok kontroll over byen i mars 2013, under Den syriske borgarkrigen. Han kom seinare under styret til Den islamske staten i Irak og Levanten (ISIL), som gjorde han til hovudkvarteret sitt i Syria. Ar-Raqqah er derfor blitt utsett for luftåtak frå dei syriske styresmaktene, USA og andre arabiske land.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hellenstisk og bysantinsk Kallinikos[endre | endre wikiteksten]

Selevkidekongen Selevkos II Kallinikos (regjerte 246–225 fvt.) grunnla ar-Raqqah som Kallinikos (på gresk Καλλίνικος), kalla opp etter seg sjølv. I bysantinsk tid var byen ei kort stund kalla Leontoupolis (Λεοντόπολις eller «Løvebyen») av keisar Leo I (regjerte 457–474 evt.), men namnet Kallinikos vart hengande ved. I 542 vart byen øydelagd under invasjonen til dei persiske sasanidane under sjahansjah Khusrau I Anushirvan (regjerte 531–579), men vart bygd opp att av den bysantinsk keisaren Justinianus I av Austromarriket I (regjerte 527–565).

På 500-talet vart Kallinikos eit senter for syrisk kristendom. Deir Mār Zakkā, eller St. Zacchaeusklosteret, ligg på ein tell like nord for byen, i dag Tall al-Bi'a, vart kjend. Ein mosaikkinskripsjon der er datert til år 509, truleg frå perioden då klosteret vart grunnlagd. Deir Mār Zakkā er nemnt i forskjellige kjelder fram til 900-talet. Det andre viktige klosteret i området var Bīzūnāklosteret eller 'Dairā d-Esţunā', 'Søyleklosteret'. På 800-talet, då ar-Raqqah tente som hovudstad for den vestlege halvdelen av Abbaside-kalifatet, vart dette klosteret setet for den syriske patriarken av Antiokia.

Tidleg islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

I år 639 tok den muslimske erobraren 'Iyāḍ ibn Ghanm den kristne byen Kallinikos via ein avtale. Sidan den gong har han vore omtalt i arabiske kjelder som ar-Raqqah, men i syriske kjelder vart han framleis kalla Kallinikos. I 640–641 vart den tidlegaste kongregasjonalistiske moskéen i Jazira bygd i den hovudsakleg kristne byen. Mange følgjesveinar av profeten Muhammed budde i ar-Raqqah. Slaget ved Siffin fann stad her og grava til Ammar ibn Yasir og Uwais al-Qarni ligg derfor i ar-Raqqah.

Ar-Raqqah vart strategisk viktigare i krigsåra mot slutten av Umayyade-kalifatet og byrjinga av Abbaside-regimet. Ar-Raqqah låg i krossvegen mellom Syria og Irak og vegen mellom Damaskus, Palmyra, den mellombelse kalifatresidensen Resafa, ar-Ruha' og dei bysantinske og kaukasiske krigsskodesplassane.

Mellom 771–772 bygde abbaside-kalifen al-Mansur ein garnison i byen kring 200 meter vest for ar-Raqqah for ei avdeling av den persiske armeen hans. Han vart kalla ar-Rāfiqah, «følgjesveinen». Styrken til abbaside-militæret er framleis tydleg i dag i den imponerande bymuren i ar-Rāfiqah.

Ar-Raqqah og ar-Rāfiqah voks saman til ein by, og i lag vart dei større enn den første Umayyade-hovudstaden Damaskus. I 796 valde kalifen Harun al-Rashid ar-Raqqah/ar-Rafiqah som residensen sin. I 13 år var ar-Raqqah hovudstad for abbasideriket som strekte seg frå Nord-Afrika til Sentral-Asia, medan hovudadministrasjonen vart verande i Bagdad. Palassområdet i ar-Raqqah dekte eit område på kring 10 kvadratkilometer nord for tvillingbyane. Ein av dei som grunnla Hanafi-retninga innan jus, Muḥammad ash-Shaibānī, var den øvste qadi (dommar) i ar-Raqqah. Prakta til hoffet i ar-Raqqah er dokumentert i fleire dikt, samla inn av Abu al-Faraj al-Isfahāni i i hans «Bok av songar» (Kitāb al-Aghāni). Berre det vesle, restaurerte såkalla Austpalasset i utkanten av palassområdet, gjev eit inntrykk av Abbaside-arkitekturen. Noko av palasskomplekset frå denne perioden er graven ut av eit tysk lag på vegner av generaldirektøren for antikvitetar. I denne perioden var det òg eit blømande industrikompleks som låg mellom dei to byane. Både tyske og engelske grupper har grave ut delar av industrikomplekset med mange funn av keramikk- og glasproduksjon. Utanom store haugar med avfall, fann ein keramikk- og glasverkstader med restar av tørkeomnar og brennkammer.[1]

Kring 8 km vest for ar-Raqqah låg det uferdige sigersmonumentet Heraqla frå Harun al-Rashid-perioden. Det er sagt å vere til minne om erobringa av den bysantinske byen Herakleia i Vesleasia i 806. Andre teoriar knytt det til kosmologiske hendingar. Monumentet er bevart i understrukturen til ein firkanta bygning i midten av ei sirkelforma mur som er 500 meter i diameter. Den øvre delen av monumentet vart aldri gjort ferdig då Harun al-Rashid brått døydde i Khurasan.

Etter at hoffet vart flytta attende til Bagdad i 809, vart ar-Raqqah verande hovudstad i den vestlege delen av riket, som inkluderte Egypt.

Nedgang og beduin-perioden[endre | endre wikiteksten]

Ar-Raqqah vart mindre viktig seint på 800-talet på grunn av stadige krigar mellom abbasidane og tulunidane og så med sjia-rørsla til karmatittane. I perioden under hamdanidane i 940-åra, var byen i rask nedgang. Mot slutten av 900-talet til byrjinga av 1100-talet, var al-Raqqah kontrollert av beduin-dynasti. Banu Numayr hadde beitemarkene sine i Diyār Muḍar og uqalidane hadde senteret sitt i Qal'at Ja'bar.

Ny bløming[endre | endre wikiteksten]

Restane av Bab Bagdad

Ar-Raqqah opplevde ei ny velstandstid, basert på jordbruk og industriproduksjon, under zangidane og Ajjubide-dynastiet på 1100-talet og første halvdel av 1200-talet. Mest kjend er den blåglaserte Raqqa-keramikken. Bāb Baghdād (Bagdadporten) og den såkalla Qasr al-Banāt (Kvinneborga) frå denne perioden står framleis. Den kjende herskaren 'Imād ad-Dīn Zangī, som vart drepen i 1146, vart først gravlagd her. Ar-Raqqah vart øydelagd under mongolkrigane i 1260-åra. Det finst ein rapport om drapet på den siste innbyggjarane i byruinane i 1288.

Osmansk og moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Ar-Raqqah museum

På 1500-talet var ar-Raqqah ein osmansk tollstasjon ved Eufrat. ar-Raqqah eyalet (den osmanske forma er stundom Rakka) vart oppretta. Hovudstaden i denne eyaleten og setet for valien var ikkje ar-Raqqah, men ar-Ruhā' kring 200 km nord for ar-Raqqah. På 1600-talet såg den osmanske reisande og forfattaren Evliya Çelebi berre arabisk og turkmenske nomadetelt i nærleiken av ruinane. Festninga vart delvis bygd opp att i 1683 og husa igjen ei janitsjaravdeling. Dei neste tiåra vart provinsen ar-Raqqah senteret for den osmanske stammebusetnadenpolitikken (iskân).

Byen ar-Raqqah vart folkesett på ny frå 1864 og framover, først som ein militær utpost, så som ein busetnad for tidlegare beduinske arabarar og tsjetsjenarar, som kom som flyktningar frå krigane i Kaukasus på midten av 1800-talet.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

I 1950-åra, etter Koreakrigen, førte eit verdsomspennande bomullsoppsvinging til stor vekst i byen, og denne delen av det midtre Eufrat-området vart igjen dyrka opp. Bomull er framleis den viktigaste avlinga i regionen.

Veksten til byen gjorde derimot at arkeologiske spor vart fjerna. Palassområdet er i dag nesten heilt dekt av busetnader, i tillegg til det første området med den antikke ar-Raqqa (i dag Mishlab) og det første industriområdet til abbasidane (i dag al-Mukhtalţa). Berre delar av området er arkeologisk utgrave. Festninga frå 1100-talet vart ferjan i 1950-åra (i dag Dawwār as-Sā'a, klokketårnssirkelen). I 1980-åra vart det sett i gang redningsutgravingar av palassområdet i tillegg til at bymurane frå abbasidane med Bāb Baghdād og dei to hovudmonumenta, Abbaside-moskéen og Qasr al-Banāt vart bevarte.

Det ligg eit museum, kalla Ar-Raqqah museum, i administrasjonesbygningen reist under det franske mandat-perioden.

2000-talet[endre | endre wikiteksten]

Øydelagd del av Raqqa i august 2017.

I mars 2013, under den syriske borgarkrigen, gjekk islamistiske jihadistar frå Al-Nusra-fronten og andre grupper inn i ar-Raqqa og dreiv ut regjeringsstyrkane. Dei tok kontroll over sentrum av byen og reiv ned statuen av den tidlegare presidenten i Syria Hafez al-Assad,[2]

Den al Qaida-tilknytte Al-Nusra-fronten innførte sjarialover og reiste det svarte flagget til jihad på det sentrale torget i byen.[3] Tidleg i juni, sa «emiren av Raqqa» frå Den islamske staten Irak og Levanten (ISIL) sa dei var opne for å ta i mot klagar ved hovudkvarteret deira i Raqqa, og at dei tiltalte «ville bli sendt til sjariaretten for Irak og Al-Sham».[4]

Sidan mai har ISIL teke eit fastare grep om byen, på kostnad av Den frie syriske armeen og Al-Nusra-fronten. ISIS held ofte avrettingar på offentlege plassar i byen av alawittar eller mistenkte støttespelarar til Bashar al-Assad. Dei har òg angripe og vandalisert kyrkjer som den armensk-katolske Martyrkyrkja, som sidan har blitt omgjort til hovudkvarter for ISIS. Dei kristne i Ar-Raqqah, som før borgarkrigen starta var kring 10%, har stort sett flykta frå byen.[5][6][7]

I følgje Tim Whewell frå BBC News, kan ar-Raqqah vere «den største byen i verda nokon gong som er kontrollert av av al-Qaida».[6]

I januar 2014 vart det rapportert at ISIS-militante i byen fekk kontroll over den vestlege delen av ein syrisk militærbase, medan gruppa stengde alle utdanningsinstitusjonar i byen, der ho har stått imot åtak frå opprørarar.[8]

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Uwais al-Qarni-moskéen står i byen.

Det katolske bispedømet Callinicum[endre | endre wikiteksten]

Callinicum er eit erkebispesete i den katolske kyrkja overført til Den syrisk-maronittiske kyrkja.[9]

Den første biskopen som hadde denne tittelen var Francis Mansour Zayek, den første apostoliske eksarken som tente maronittiske katolikkar utanfor Libanon. Han vart utpeikt den 30. mai 1962. Den noverande erkebiskopen er Samir Mazloum, ein avgått hjelpebiskop frå patriarkatet i Antiokia.[10]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Henderson, Julian (2005). «Antiquity». 
  2. «Syria rebels capture northern Raqqa city». 
  3. «Under the black flag of al-Qaida, the Syrian city ruled by gangs of extremists». The Telegraph. 12. mai 2013. Henta 12. mai 2014. 
  4. «Al-Qaeda sets up complaints department». The Telegraph. 2 June 2013. Henta 12. mai 2014. 
  5. «The Mysterious Fall of Raqqa in Syria’s Kandahar». Al-Akhbar. 8. november 2013. Arkivert frå originalen 19. oktober 2017. Henta 20. juni 2014. 
  6. 6,0 6,1 «Syrian activists flee abuse in al-Qaida-run Raqqa». BBC News. 13. november 2013. Henta 20. juni 2014. 
  7. Islamic State torches churches in Al-Raqqa, Syria Newsdesk, 26. september 2013, arkivert frå originalen 14. juli 2014, henta 20. juni 2014 
  8. Government airstrike kills 10 in Aleppo, The Daily Star, 21. januar 2014, henta 20. juni 2014 
  9. Annuario Pontificio 2013 (Libreria Editrice Vaticana 2013 ISBN 978-88-209-9070-1), s. 856
  10. «Callinicum dei Maroniti». Catholic Hierarchy. Henta 20. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ar-Raqqah