Ar-Rihiya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°28′46.45″N 35°03′52.93″E
ar-Rihiya
ريحيا
kommune
Namneopphav: Kanskje «samanrulla slange»[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°28′46.45″N 35°03′52.93″E
Folketal 3 949 (2007)
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg

ar-Rihiya (arabisk ريحيا) er ein palestinsk by som ligg seks kilometer sørvest for Hebron. Byen ligg i Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på over 3 949 i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1863, som han kalla Khirbet el-Harayeh.[3]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som ein «stor ruin med grotter og cisterner, verkar å vere ein eldgammal stad».[4]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 hadde 'Al Rihiyeh 231 innbyggjarar, alle muslimar[5] Dette auka i folketeljinga i 1931 til 243 muslimar, i 38 hus.[6]

I 1945 var folketalet i Ar-Rihiya 330 arabarar, som eigde 2 659 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[7] 136 mål var plantasjar og irrigert land, 1 093 for korn,[8] medan 25 mål var utbygd (urbant) land.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I følgje Palmer, 1881, s. 405.
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.119.
  3. Guérin, 1869, s. 211 -212
  4. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 377
  5. Barron, 1923, Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10
  6. Mills, 1932, s. 33
  7. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 94
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 144

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]