Ar Ramtha
Ar-Ramtha | |||
مدينة الرمثا | |||
by | |||
Rådhuset
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Irbid guvernement | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 120 367 (2010) [1] | ||
Kommune sidan | 1927 | ||
Retningsnummer | +(962)2 | ||
![]() Ar Ramtha | |||
Wikimedia Commons: Ar Ramtha | |||
Nettstad: http://www.ramthacity.gov.jo | |||
Ar Ramtha, òg kalla Al-Ramtha (arabisk الرمثا) er ein by heilt nordvest i Jordan. Han har eit folketal på 120 365 innbyggjarar (2010).
Namnet[endre | endre wikiteksten]
Ar Ramtha er kalla op etter ei lokal ørkenplante, Al Ramath (arabisk الرمث). Under Romarriket vart byen kalla Ramatha.
Historie[endre | endre wikiteksten]

Romarriket nytta Ar Ramtha som ein avsidesliggande knutepunkt for å knyte saman koloniane sine. Ein har funne ruinar av bygningar og gamle romerske antikvitetar forskjellige stader i Ar Ramtha. Under den islamske ekspanderinga, låg Ar Ramtha i Houran. Historisk og samfunnsmessig har byen vore knytt til Daraa i Syria, som ligg like over den andre sida av grensa.
Idrett[endre | endre wikiteksten]
Byen har to idrettsklubbar, Al-Ramtha SC, ein fotballklubb i den jordanske eliteserien, og Ittihad Al-Ramtha, som spelar på det nest øvste nivået i jordansk fotball.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ar Ramtha» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: