Arabisk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på qanun-musikk.
Songar og ensemble i Egypt i 2016.

Arabisk musikk (arabisk موسيقى عربية; mūsīqā ʿarabīyya) inneheld fleire sjangrar og musikkstilar, alt frå arabisk klassisk musikk til arabisk popmusikk, og frå sekulær til religiøs musikk, først og fremst resitasjonar av Koranen.

Arabisk musikk har ei lang historie med utveksling mellom regionale musikkstilar og sjangrar. Den er ei blanding av musikken til arabarane på den arabiske halvøya og musikken til alle folkegruppene som utgjer den arabiske verda i dag. I tillegg har den vore, og er stadig påverka av gamal egyptisk musikk, gresk antikk musikk, persisk, kurdisk, assyrisk, tyrkisk, indisk og nordafrikansk musikk (berbar), afrikansk musikk (swahili) og europeisk musikk (flamenco).

Den somaliske munnlege tradisjonen omfattar ei rekkje dikt og ordspråk, der mykje handlar helgenar innan sufismen og deira liv. Musikken finst i mange variantar, mellom anna i songar for bryllaup, krig, lovsong og hyllingar. Arabisk religiøs musikk inkluderer jødisk, kristen og islamsk musikk.

Blant dei mest populære, moderne arabiske songarane i dag kan ein nemne Nancy Ajram (Libanon), Kazim Al Sahir (Irak), Amr Diab (Egypt), Tamer Hosni (Egypt), Cheb Khaled (Algerie), Cheb Mami (Algerie) og Samira Said (Marokko).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Døme på ein arabisk skala kalla nawa atar.
Lyddøme på nawa atar.

Arabisk musikk bruker eit tonesystem der ein oktav er delt inn i 24 tonar med like lange intervallar imellom (ein kvart-tone eller 50 cent). Frå desse tek ein ein skala på 7 tonar med noko større intervallar. Skalaen er grunnlaget for ein maqam, eit musikalsk mønster som musikarar kan bruka til å improvisera over.[1]

Instrument og ensemble[endre | endre wikiteksten]

Ensemble Ramel frå Aleppo.

Eit typisk arabisk musikkensemble i Egypt og Syria er kjend som takht og omfattar instrument som oud, qanun, rabab, ney, fiolin (introdusert på midten av 1800-talet), riq og dumbek. I Irak omfattar eit tradisjonelt ensemble, kjend som chalghi, to melodi-instrument — jowza, som liknar rabab men har fire strenger, og santur, og to akkompagnementintrument, riq og dumbek. I nyare samansetjingar har ein også teke i bruk fleire vestlege instrument, som electrisk guitar, cello, kontrabass og obo.

Songarane har stor tyding, særleg etter utviklinga av musikk- og filmindustrien frå 1920-talet i Kairo. Store songarar innan klassisk arabisk musikk er mellom anna Farid Al Attrache, Asmahan, Abdel Halim Hafez, Sayed Darwish, Mohamed Abdel Wahab, Warda Al-Jazairia, Wadih El Safi, Fairuz, Sabah og Umm Kulthum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Touma, Habib Hassan (1996). The Music of the Arabs, s.38, 203, oms. Laurie Schwartz. Portland, Oregon: Amadeus Press. ISBN 0-931340-88-8