Den arabiske ligaen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Arabiske liga)
Den arabiske ligaen (arabisk جامعة الدول العربية, Jami'at al-Duwal al-'Arabiyya)

Skipa22. mars 1945
HovudkontorDen arabiske ligas hovedkontor i Kairo
LeiarAhmed Aboul Gheit
Nettstadhttp://www.leagueofarabstates.net/ Sjå dette på Wikidata

Den arabiske ligaen er ein politisk organisasjon med 22 medlemsland frå den arabiske verda. Ligaen arbeider for samarbeid innan næringsliv, finansvesen, transport, kultur, helsevesen, medlemslanda sin suverenitet og fremje av sams interesser. Ligaen arbeider for at Palestina skal anerkjennast som sjølvstendig stat.

Ligaen har inga overnasjonal myndigheit over medlemslanda, og spelar slik ei mindre omfattande rolle enn organisasjonar som til dømes Den europeiske unionen (EU).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den arabiske ligaen vart grunnlagt 22. mars 1945 i Kairo, der han har sete. Sju land var med på opprettinga.

I byrjinga jobba ligaen i særleg grad for å sikre sjølvstende for land under kolonistyre. Seinare vart hovudfokuset retta mot å fremje samarbeid mellom medlemslanda. Ligaen har også spelt ei rolle i Israel-Palestina-konflikten. I 1948 gjekk seks av medlemslanda (Irak, Syria, Libanon, Transjordan, Egypt og Saudi Arabia) til angrep mot den nyoppretta staten Israel.

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

Kart over land i Den arabiske ligaen.

Den arabiske ligaen er samansett av 22 medlemsland; 21 nasjonalstatar i Nord-Afrika og Midt-austen forutan Palestina.

Det bur over 300 millionar menneske innanfor ligaen. Talet (i millionar) på innbyggjarar i kvart land står i parentes bak landet.

  • 1 ^ Grunna ein fredsavtale med Israel var landet suspendert frå ligaen mellom 1979 og 1988.
  • 2 ^ Grunna styresmaktene si handtering av den libyske borgarkrigen var landet suspendert frå ligaen mellom 22. februar og 27. august 2011.

Toppmøte[endre | endre wikiteksten]

Nr. Stad Dato
Frå Til
1 Flagget til Egypt Kairo i Egypt 13. januar 1964 17. januar 1964
2 Flagget til Egypt Alexandria i Egypt 5. september 1964 11. september 1964
3 Flagget til Marokko Casablanca i Marokko 13. september 1965 17. september 1965
4 Flagget til Sudan Khartoum i Sudan 29. august 1967
5 Flagget til Marokko Rabat i Marokko 21. desember 1969 23. desember 1969
6 Flagget til Egypt Kairo i Egypt 21. september 1970 27. september 1970
7 Flagget til Algerie Alger i Algerie 26. november 1973 28. november 1973
8 Flagget til Marokko Rabat i Marokko 29. oktober 1974
9 Flagget til Saudi-Arabia Riyadh i Saudi-Arabia 17. oktober 1976 28. oktober 1976
10 Flagget til Egypt Kairo i Egypt 25. oktober 1976 26. oktober 1976
11 Flagget til Irak Bagdad i Irak 2. november 1978 5. november 1978
12 Flagget til Tunisia Tunis i Tunisia 20. november 1979 22. november 1979
13 Flagget til Jordan Amman i Jordan 21. november 1980 22. november 1980
14 Flagget til Marokko Fez i Marokko 6. september 1982 9. september 1982
15 Flagget til Marokko Casablanca i Marokko 7. september 1985 9. september 1985
16 Flagget til Jordan Amman i Jordan 8. november 1987 12. november 1987
17 Flagget til Algerie Alger i Algerie 7. juni 1988 9. juni 1988
18 Flagget til Marokko Casablanca i Marokko 23. juni 1989 26. juni 1989
19 Flagget til Irak Bagdad i Irak 28. mars 1990 30. mars 1990
20 Flagget til Egypt Kairo i Egypt 9. august 1990 10. august 1990
21 Flagget til Egypt Kairo i Egypt 22. juni 1996 23. juni 1996
22 Flagget til Egypt Kairo i Egypt 21. oktober 2000 22. oktober 2000
23 Flagget til Jordan Amman i Jordan 27. mars 2001 28. mars 2001
24 Flagget til Libanon Beirut i Libanon 27. mars 2002 28. mars 2002
25 Flagget til Egypt Sharm el-Sheikh i Egypt 1. mars 2003
26 Flagget til Tunisia Tunis i Tunisia 22. mai 2004 23. mai 2004
27 Flagget til Algerie Alger i Algerie 22. mars 2005 23. mars 2005
28 Flagget til Sudan Khartoum i Sudan 28. mars 2006 30. mars 2006
29 Flagget til Saudi-Arabia Riyadh i Saudi-Arabia 27. mars 2007 28. mars 2007
30 Flagget til Syria Damaskus i Syria 29. mars 2008 30. mars 2008
31 Flagget til Qatar Doha i Qatar 28. mars 2009 30. mars 2009
32 Flagget til Libya Surt i Libya 27. mars 2010 28. mars 2010
33 Flagget til Irak Bagdad i Irak 27. mars 2012 29. mars 2012
34 Flagget til Qatar Doha i Qatar Mars 2013

Generalsekretærar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Generalsekretær Innsett Forlét stillinga
1 Flagget til Egypt Abdul Rahman Hassan Azzam 1945 1952
2 Flagget til Egypt Abdul Khlek Hassouna 1952 1972
3 Flagget til Egypt Mahmoud Riad 1972 1979
4 Flagget til Tunisia Chedi Klibi 1979 1990
5 Flagget til Egypt Ahmed Asmat Abdel-Meguid 1991 2001
6 Flagget til Egypt Amr Moussa 2001 2011
7 Flagget til Egypt Nabil al-Araby 2011

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]