Aracataca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aracataca
Freemason lodge Aracataca.jpg
Styresmakter
Land Colombia
Geografi
Flatevidd
 - By

1755 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)

51 975
Koordinatar 10°35′37.3″N 74°11′34.11″WKoordinatar: 10°35′37.3″N 74°11′34.11″W
Tidssone EST (UTC-5) (UTC)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 57 + 5
Nettstad: www.aracataca-magdalena.gov.co
Plassering
Colombia - Magdalena - Aracataca.svg

Aracataca, på folkemunne nokon gonger referert til som 'Cataca', er ein kommune som ligg i Magdalena-departementet i Colombias karibiske område. Han er ein elveby skipa i 1885. Byen ligg ved elva med same namn, Aracataca-elva. Elva renn frå den nærliggande Sierra Nevada de Santa Marta fjellkjeda og inn mot våtmarksområdet Ciénaga Grande de Santa Marta. Byen Aracataca ligg omkring 80 kilometer sør for hovudstaden i departementet, Santa Marta. Byen er mest kjent som fødestaden til nobelprisvinnaren i litteratur Gabriel García Márquez.

Klimaet i Aracataca er tropisk varmt og fuktig året rundt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aracataca vart grunnlagt i 1885. Han fekk kommunestatus frå 28. april 1915, då han vart skilt ut frå kommunen Pueblo Viejo. Mot slutten av det 1800-talet, kom selskap som seinare skulle fusjonere inn i United Fruit Company, og koloniserte land og byrja å dyrke bananar i det store regionen. Ved å arbeide tett med regjeringa og med bruk av undertrykt arbeidskraft, kom omgrepet bananrepublikk i bruk i dagligtale. Etter nokre tiår starta oppløysinga av selskapet, blant anna på grunn av den verdsomspennande resesjonen og krigen etter det. Frå den tida, vart byen «skjult bak ein gardin» av vald og gløymsle inntil han vart gjenoppdaga av lokale kunstnarar og utanlandske investorar.

Eit framlegg om å endre namnet på byen Aracataca-Macondo vart tilbakevist etter låg valdeltaking i ei folkerøysting 25. juni 2006.[1][2]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Landbruket er viktig for byen, hovudsakleg blir det produsert palmeolje, ris, bomull, sukkerrøyr, bønner, kokebananar, bananar, maniok, tomatar og på fedrift av storfe, hestar, muldyr, esel, tamme fuglar, geiter og grisar. Handel representerer ei anna form for inntekt og er for det meste gjort uformelt, spesielt er det synleg langs hovudvegen til Santa Marta der ein sel til dømes badehandkle.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire selskap som tilbyr interkommunal transport, og transport over departementsgrensene på mellomstore bussar, minibussar og taxiar. Elvene er ikkje farbare, og det er nokre små enkle flyplassar som blir brukte av småfly for landbruket. Ein hovudveg mellom Santa Marta og Cesar-departementet kryssar kommunen og byen og svingar sørover mot den colombianske Andesregionen. Jernbanen fungerer ikkje lenger for offentleg transport, han er brukt nesten utelukkande til å transportere kol frå regionen La Loma Calentura i Cesar-departementet til hamna i Santa Marta.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane feirar den katolske tradisjonen med dei heilage tre kongar den 6. januar kvart år, dei held karneval og den heilage veka mellom februar og mars, arrangerer ei kulturell veke, og andre festivalar.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Byen er fødestaden til nobelprisvinnaren i litteratur, forfattaren García Márquez og er anerkjent som modell for den mytiske Macondo, den sentrale landsbyen i García Márquez sin populære roman, Hundre års ensomhet. Barndomsheimen, i dag Casa Museo, og kyrkja der han vart døypt er begge store turistattraksjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aracataca