Arakamtsjetsjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arakamtsjetsjen
øy
Arakamchechen1w.png
Wikimedia Commons: Arakamchechen Island

Arakamtsjetsjen (russisk Аракамчечен) er ei øy i Beringhavet. Ho ligg nord for Kapp Tsjaplino, nær kysten til Tsjukotka i Russland. Mellom øya og fastlandet ligg eit 8 km breitt sund. Øya er busett og den største busetnaden er landsbyen Janrakynnot.

Arakamtsjetsjen er 32 km lang og 21 km på det breiaste. Dei indre områda er fjellkledde. Sør for øya ligg øya Yttygran, og mellom dei eit 5 km breitt sund. Det er mykje kvalross på skjera ved øya.[1]

I dag er øya ein populær turiststad for folk som vil oppleve dyrelivet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 64°45′N 172°27′E