Aram MP3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aram MP3

Fødd5. april 1984
FødestadJerevan i Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen (no Jerevan i Armenia)
FødenamnԱրամ Սարգսյան, Aram Sargsvan
AliasAram MP3
OpphavSovjetunionen, Armenia
Aktiv2006-i dag
Sjangerpop
InstrumentVokal, piano og gitar
Verka somSongar, låtskrivar, komikar, underhalder og skodespelar

Aram Sargsyan (fødd 5. april 1984 i Jerevan), kjend som Aram MP3, er ein armensk songar, låtskrivar, komikar, underhalder og skodespelar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sargsvan vart fødd i Jerevan i Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen, i det som i dag er Armenia. I 2006 vart han uteksaminert ved Yerevan State Medical University.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han har mellom anna vore programleiar for to sesongar av X-FactorShant TV og Hay Superstar på same kanal. Han har òg leia fleiere program på Armenia TV.[1]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Sargsvan har vore gift med Anna Margaryan sidan april 2008. Dei har ein son, fødd i juni 2011.[2]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]

31. desember 2013 valde Hayastani Hanrayin herrustaynkerut’yun Aram MP3 til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen, «Not Alone», vart presentert 14. mars 2014 og vil verte framført på engelsk. Han har skrive songen saman med Garik Papoyan.

Fleire store tippeselskap, inkludert Bwin og Sky Bet, spår at bidraget vil vinne Eurovision Song Contest 2014.[3][4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Արամ MP3» (på armensk). AV Production. Arkivert frå originalen 2. januar 2014. Henta 13. april 2014. 
  2. «Aram MP3» (på armensk). Bravo.am. Juni 2011. Henta 13. april 2014. 
  3. «Eurovision Song Contest 2014 (Copenhagen/DEN) 8:00 PM +7 Outright winner» (på engelsk). bwin.com. Arkivert frå originalen 21. mars 2014. Henta 13. april 2014. 
  4. «2014 Eurovision Song Contest» (på engelsk). skybet.com. Arkivert frå originalen 21. mars 2014. Henta 13. april 2014. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Aram MP3