Hopp til innhald

Arba'in

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hundretals sjiamuslimer samla ved Husayn-moskeen i Karbala i Irak under arba'in.

Arba'in (arabisk الاربعين, 'førti') eller tsjehelom (urdu) er ei høgtid feira av sjiamuslimar. Dagen blir feira årleg den tjuande safar, førti dagar etter asjura, dødsdagen til martyren Husayn ibn Ali i 680. Dette er den vanlege lengda på sørgjetida i islam.

Karbala i Irak med Husayn-moskeen er den viktigaste staden for denne høgtida. Feiring av høgtida i byen var forbode i mange år under Saddam Hussein sitt styre. Ho kunne markerast igjen etter den USA-leia invasjonen av Irak i 2003. I 2008 kom det rundt ni millionar pilegrimar til byen under arba'in.

Vestlege datoar for arba'in
200621. mars
200710. mars
200828. februar
200915. februar
20105. februar
201125. januar

Medan arba'in alltid fell på same dato i den muslimske kalenderen, 20. safar, flytter feiringa seg i høve til den gregorianske. Det muslimske året er noko kortare enn det vestlege, og arba'in fell derfor noko tidlegare kvart år.