Arbat

Koordinatar: 55°45′4″N 37°35′46″E / 55.75111°N 37.59611°E / 55.75111; 37.59611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arbat med Utanriksdepartementet i bakgrunnen.

Gamle Arbat (russisk Старый Арбат - Stranyj Arbat) er ei gågate i Moskva som går frå Arbatplassen til Smolenskajaplassen, som er ein del av Hageringen. Gamle Arbat har rykte på seg som den mest turistprega gata i Moskva med mykje underhaldning og suvernirbutikkar. Ho skil seg frå Nye Arbat som går parallelt til Gamle Arbat og har skyskraparar i stål, betong og glas.

Arbat vart først nemnd i 1493 som ein veg som gjekk frå Kreml til Smolensk. Opphavet til namnet er tatarsk og tyder «forstad» (det same som Rabat). På 1500- og 1600-talet vart det bygd flotte kyrkjer langs vegen, mellom anna ei som vart måla av Vasilij Polenov, Ein gardsplass i Moskva (1879).

På 1700-talet vart Arbat av den russiske adelen rekna som det flottaste bustadområde i Moskva. Gata vart nesten heilt øydelagd av ei brann under okkupasjonen til Napoleon av Moskva i 1812 og måtte så gjennoppbyggast. Aleksander Pusjkin budde her ein kort periode og det står ein statue av han og kona, Natalie, føre dette huset. Ein annan kjend forfarfattar frå Arbat var Andrej Belyj.

Arbat i Moskva.

På 1900-talet vart gata noko renovert i Art Nouveau og konstruktivistiske stilar. Den mest originale bygningen i denne nye trenden er Melnikov-huset. Gata endar ved Hageringen, markert med det praktfulle bygget til Utanriksdepartementet. Samstundes vart dei fleste av kyrkjene langs Arbat rive ned.

Arbat før den russiske revolusjonen.
Arbat om kvelden.

Sidan 1986 har det vorte sett opp særeigne gatelykter langs Arbat. Her står fleire statuar, mellom anna av prinsesse Turandot føre Vakhtangov teater og ein annan av Bulat Okudzjava, ein sovjetisk visesongar, bard og diktar, som skreiv fleire songar om Arbat. Under perestrojka vart gata eit samlingspunkt for ulike ungdomsrørsler (som hippiar eller pønkar), samt gatemusikarar og kunstnarar. Viktor Tsoj-muren i ei av sideegatene til Arbat (Krivoarbatskij Pereulok) er eit av minnesmerka frå desse turbulente åra. Sjølv i dag samlar russisk ungdom seg på Arbat for å spele songane til Tsoj og andre russiske artistar.

Arbat er hovudkvarter for oljeselskapet TNK-BP, som held til i ein moderne bygning i starten av gata. I gata ligg mange restaurantar, som The Hard Rock Cafe. Mange av desse restaurantane er retta mot turistar i Moskva og vert av mange moskovittar rekna som for dyre og for dårlege samanlikna med andre delar av byen. Det er òg enkelte billigare restaurantar og kafear, som Mu-Mu.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

55°45′4″N 37°35′46″E / 55.75111°N 37.59611°E / 55.75111; 37.59611