Arbeidar og kolkhozkvinne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arbeidar og kolkhoskvinne
Рабо́чий и колхо́зница, Rabótsjy i kolkhóznitsa

KunstnarVera Mukhina (1889–1953)
År19351967
TeknikkKolossalstatue i stål og sosialistisk realisme av industriarbeidar og kolkhozarbeidar med hammar og sigd
DimensjonarHøgd 24,5 meter
PlasseringDet allrussiske utstillingssenteret
ByMoskva
LandRussland (tidlegare Sovjetunionen)

Arbeidar og kolkhozkvinne (russisk Рабо́чий и колхо́зница, Rabótsjy i kolkhóznitsa) er ein monumentalstatue på messehallen Det allrussiske utstillingssenteret i Moskva. Statuen blei skapt av den sovjetrussiske kunstnaren Vera Mukhina (1889–1953) for å krona paviljongen til Sovjetunionen ved verdsutstillinga i Paris i 1937. Statuen førestiller ein industriarbeidar og ei bondekvinne frå ein kolkhoz, eit sovjetisk kollektivbruk, som saman held opp dei sovjetiske symbola hammar og sigd. Skulpturen er eit av dei best kjende kunstverka frå den sosialistiske realismen, og eit ikonisk symbol på Sovjetunionen.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Skulpturgruppa på den sovjetiske paviljongen ved verdsutstillinga i Paris.
Skulpturgruppa på Det allrussiske utstillingssenter i Moskva i 2015.

Før Verdsutstillinga blei det lyst ut ein konkurranse i Sovjetunionen for den sovjetiske paviljongen. Vinnaren var arkitekten Boris Jofan, som tidleg på 1930-talet hadde teikna Palasset til sovjeta. Den strame, høge art deco-liknande bygningen hans skulle kronast av ein statue som symboliserte det sovjetiske folket - industriarbeidarane og bøndene på kolkhozane. Det blei òg lyst ut ein konkurranse om utforminga av denne skulpturen.

Skulpturkonkurransen blei vunnen av Vera Mukhina, som hadde presentert ein monumental statue i ånda til den sosialistiske realismen med påverknad frå antikke skulpturar som Nike frå Samothrake og Harmodius og Aristogeiton, og dessutan relieffa «La Marseillaise» på Triumfbogen i Paris.

Statuegruppa blei først laga som gipsmodell og deretter overført til stål i seksti delar som skulle sveisast saman. Det tok berre tre månader å ferdigstilla delane, og den 19. mars 1937 blei dei transporterte til Paris med tog. Den 24,5 meter høge skulpturen stod ferdigmontert og klar ved opninga av utstillinga 25. mars. Den sovjetiske paviljongen med den imponerande skulpturgruppa si og den høgare tyske paviljongen pryda med den tyske ørna stod på kvar si langside av Marsmarka framfor Eiffeltårnet.

Under transporten tilbake til Moskva blei skulpturen skadd. Han blei reparert i 1939 og plassert på ein pidestall i Det allrussiske utstillingssenteret i Moskva.

Arbeidar og kolkhozkvinne blei eit nasjonalt ikon for Sovjetunionen og blei frå 1947 brukt som symbol for det statlege filmselskapet Mosfilm.

Restaurering[endre | endre wikiteksten]

I 2003 blei skulpturen demontert for å restaurerast. Det var planlagt at han skulle vera ferdig i 2005, men på grunn av finansieringsproblem var han ferdig først i 2009. Skulpturen blei plassert på ein spesiallaga paviljong i Det allrussiske utstillingssenteret i Moskva og innvigd 4. desember 2009. Året etter blei det opna eit museum tileigna skulpturgruppa og historia hennnar i paviljongen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]