Arbeidermaktgruppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Arbeidarmaktgruppa)

Arbeidermaktgruppa (AMG) starta då ein stor trotskistisk minoritet blei ekskludert frå Sosialistisk Ungdom (SU) i 1981. Av di opposisjonen var meir enn ein tredel av medlemene blei SU formelt lagt ned og stifta på ny dagen etter, med inviterte medlemer.

AMG dreiv i fleire år med sjølvstendig arbeid, særleg med fagleg-politisk innretting. Gruppa la òg vekt på militærpolitikk, og var i mykje i søkjelyset i 1986, då AMG-medlemen Steinar Nørstebø vart tiltala for å drive antimilitaristisk propaganda i ei sak som hamna i Høgsterett.

I 1985 braut storparten av medlemene i AMG og starta Internasjonale Sosialistar (IS). Då Raud Valallianse (RV) på landsmøtet i 1991 vart riven laus frå Arbeidaranes Kommunistparti (AKP) og vart ein sjølvstendig medlemsorganisasjon, var representantar frå AMG til stades og gav uttrykk for støtte til RV.

AMG gjekk i oppløysing midt på 1990-talet. Mellom dei framståande AMG-medlemene i RV på det tidspunktet var Anders Ekeland (no medlem i SV), Steinar Nørstebø (no medlem i SV), Rune Soma og Roar Ellingvåg.

Einskildpersonar frå Revolusjonært Forbund, AMG og tidlegare medlemer av IS skipa i årsskiftet 1999/2000 organisasjonen Forbundet Internasjonalen (FIN).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]