Hopp til innhald

Arbeidstilsynet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arbeidstilsynet

Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.974761211
BransjeRegulation of and contribution to more efficient operation of businesses
Skipa1893
MorselskapArbeids- og inkluderingsdepartementet
HovudkontorTrondheim
LandNoreg
Dagleg leiarIngvill Kvernmo[1]
Nettstadhttp://www.arbeidstilsynet.no (norsk)

Arbeidstilsynet er ein norsk statleg etat under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Det har i oppgåve å rettleie om og sjå etter at private og offentlege verksemder vernar om helsa, tryggleiken og miljøet til arbeidarane igjennom føresegnene i arbeidsmiljølova, lønnsgarantilova, ferielova og somme av føresegnene i tobakkskadelova.[2]

Arbeidstilsynet fører tilsyn hjå verksemder i Noreg og kontrollerer om dei følgjer det norske regelverket ved å utføre kontroll og undersøkingar.[3] Arbeidstilsynet har til eikor tid uhindra tilgang til einkvan stad som vert omfatta av lova.[4]

Koordinering

[endre | endre wikiteksten]

Arbeidstilsynet fungerer som ein koordinerande etat for tilsynsetatane med tilsynsansvar til lands. Arbeidstilsynet koordinerer:[5]

Arbeidstilsynet har opphavet sitt i Fabrikktilsynet, som vart oppretta som eit kommunalt forvaltingsorgan i 1893. Det vart vidareført som Sjefsinspektoratet for arbeidstilsynet frå 1914.[6]

Etaten er organisert med eit direktorat i Trondheim, Direktoratet for arbeidstilsynet, og under dette sju regionkontor med lokale tilsynskontor under dei, slik at heile landet er dekt. Regionkontora ligg i Oslo, Moss, Hamar, Skien, Bergen, Trondheim og Finnsnes.

  1. ↑ «Helseplattformen-topp går til Arbeidstilsynet» (på bokmål). 1. oktober 2024. Henta 2. oktober 2024.
  2. ↑ Arbeids- og inkluderingsdepartementet. «Arbeidstilsynet» (på bokmål). Regjeringen.no. Henta 25. mars 2023.
  3. ↑ «§18-1. Arbeidstilsynet» (på bokmål). Lovdata. Henta 25. mars 2023.
  4. ↑ «§18-4. Arbeidstilsynets adgang til virksomheten» (på bokmål). Lovdata. Henta 25. mars 2023.
  5. ↑ «Organisering» (på bokmål). Arbeidstilsynet. Henta 25. mars 2023.
  6. ↑ Gisle, Jon. «Arbeidstilsynet» (på bokmål). Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]