Arbel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°48′44″N 35°28′57″E
Arbel
אַרְבֵּל
landsby
Mount-Arbel-049.jpg
Ruinar av ei gammal synagoge.
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Nedre Galilea regionale kommune
Koordinatar 32°48′44″N 35°28′57″E
Folketal 571 (2011) [1]
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av Demobiliserte soldatar
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Arbel (moshav)

Arbel (hebraisk אַרְבֵּל) er ein moshav nord i Israel. Han ligg på Har Arbel ved Genesaretsjøen nær Tiberias og høyrer til Nedre Galilea regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 571.[1]

Arbel vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte soldatar på landområdet til den avfolka arabiske landsbyen Hittin. Innbyggjarane der flykta eller vart drivne bort under den arabisk-israelske krigen i 1948.[2] Staden var opphavleg ein moshav shitufi (som nytta den økonomiske strukturen til ein kibbutz, men den sosiale strukturen til ein moshav), men vart ein moshav ovdim (ei fellesbusetjing) i 1959.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden var busett alt under tida til Det første tempelet som Beit Arbel (Hosea 10:14), truleg på ein tell nord for dagens moshav.[treng kjelde] Ein har funne keramikk frå sein romersk og bysantinsk tid.[3]

På tida til Det andre tempelet var landsbyen Arbel heimstaden til vismannen Nittai av Arbela, som i følgje Mishnah sa: «Hald deg borte frå dårlege grannar, ikkje ver med dei vonde, og ikkje sørg over gjengjelding» (Avot 1:7).[4]I følgje Josefus var Arbel òg åstad for eit slag med styrkane til Herodes den store und erobringa av landområdet frå Antigonus II Mattathias.[5]

I 1047 evt. var Nasir Khusraw på pilegrimsreise gjennom Palestina, og skreiv at han kom til landsbyen Irbil, etter Hittin, på veg til Tabariyyah. Han skreiv vidare at «på sørsida av [Irbil] stig eit fjell, og på fjellet er det ei inngjerding, med fire graver - gravene til sønene til [Jakob]] - som var brør av Josef. Og vidare kom eg til ein ås, og under åsen låg ei grotte, som var grava til mor til Moses[6]

I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Irbid oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya under Safad liwa' (distrikt). Han hadde to hushaldningar, begge muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, bomull, geiter og/eller bikubar, olivenoljepresse og/eller ei presse for druesirup.[7]

I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin ruinane,[8] og i 1881 omtalte Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine «Kh. Irbid[9] som «viktige ruinar» med «spor av ein arabisk landsby».[10]

I 1948 høyrte landområdet til den palestinske landsbyen Hittin, som vart avfolka i den arabisk-israelske krigen i 1948.[2]

Gammal synagoge[endre | endre wikiteksten]

Arbel er kjend for ruinane av ei gammal synagoge som ligg her. Det er ein av dei eldste synagogene i verda og står midt i ruinane av den antikke jødiske landsbyen, på vestsida av moshaven. Døra til synagogen står framleis, og vart skoren ut i ein massiv kalkstein.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 9. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 Khalidi, 1992, s. 523
  3. Dauphin, 1998, s. 718-719
  4. http://www.jewishvirtuallibrary.org/jsource/jødedom/The_Temple.html
  5. Josefus Flavius, omsetjing av G.A Williamson, The Jewish War, Penguin Books Ltd, 1959, s.62 - 63
  6. Khusraw, 1897, s.16
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 190
  8. Guérin, 1880, s. 198-201
  9. "The ruin of Irbid», according to Palmer, 1881, s. 128
  10. Conder and Kitchner, 1881, s. 396-400
  11. Ancient Synagogues in the Land of Israel, Mordechai Aviam, Israel natur- og parktilsyn, 1997, s. 16