Hopp til innhald

Arbet Kozhaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arbet Kozhaya
عربة قزحيا
by
Land  Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Zgharta distrikt
Høgd 1 000 moh.
Koordinatar 34°17′42″N 35°55′32″E / 34.29500°N 35.92556°E / 34.29500; 35.92556
Areal 2,0 km²
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Arbet Kozhaya
34°17′42″N 35°55′32″E / 34.295°N 35.925555555556°E / 34.295; 35.925555555556
Wikimedia Commons: Arbet Kozhaya

Arbet Kozhaya, òg kalla Arbet Qozhaya eller Arabet Kozhaya, (arabisk عربة قزحيا, gammalsyrisk ܥܪܒܐ ܕܩܙܚܝܐ‏) er ein landsby i Zgharta distrikt (Zgharta Zawie) i Nord guvernement i Libanon.

Landsbyen har fått namn etter klosteret Kozhaya, som òg vert kalla St. Anton den store-klosteret (Mar Antonios al-Kabir). Klosteret ligg 950 meter over havet i Kozhayadalen.

Ordet Arbet (Aarbet) tyder skrå, sidan landsbyen ligg på ei skrå flate oppom Kozhaya.

Namnet Kozhaya er assyrisk og tyder livets skatt, der skatt syner til Kristus.

Kozhayadalen og den nærliggande Qannoubinedalen er ein del av Qadishadalen, som òg vert kalla Den heilage dalen. Landsbyen ligg mellom 900 og 1 050 meter over havet og dekkjer kring 2 kvadratkilometer. Han ligg 5 km frå Ehden, 25 km frå Zgharta, 30 km frå sederskogen og 85 km frå Beirut.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]