Arbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arbil
kurdisk هه‌ولێر, Hewlêr; arabisk اربيل, Arbil, tyrkisk Erbil, assyrisk Arbela
by
none
Land Flag of Iraq.svg Irak
Region Kurdistan
Folketal 1 100 000

Arbil er den fjerde største byen i Irak og hovudstad for den sjølvstyrande regionen Kurdistan i Irak og for provinsen Arbil. Han hadde eit estimert folketal på 1,1 millionar i 2003,[1] men har sidan dette vore den raskast veksande byen i Irak.[2] Arbil er blant byane i verda med lengst samanhengande busetnad; han er nemnd i brev frå 2000-talet f.Kr.[1]

Arbil ligg rundt 8 mil nordaust for Mosul ved forfjella til Zargosfjella. Byen ligg rundt ein kunstig topp (tell) der sitadellet i Arbil no ligg.

Frå basaren i Arbil.

Byen har alltid lege nær handelsruter, i dag særleg mellom Sulaimaniya, Duhok og Kirkuk. Han har vegsamband til Syria, Tyrkia og Iran, og har jernbanestasjon og internasjonal flyplass.

Dei fleste innbyggjarane i byen er kurdarar med mindre grupper assyrarar, arabarar og turkmenarar. Størsteparten er sunnimuslimar, men eit stort mindretal er kristne.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arbil

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Arbīl, britannica.com
  2. About Erbil, ierbil.com
  3. Introduction, erbil-capital.org
Spire Denne geografiartikkelen som har med Irak å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.