Arcade Fire
Arcade Fire | |
![]() | |
Aktiv | 2001 - |
---|---|
Sjanger | Indie rock |
Plateselskap | Sonovox Records, Merge Records, City Slang Records, Spunk Records, Mercury Records |
Medlemmer | Win Butler Régine Chassagne Richard Reed Parry William Butler Jeremy Gara Sarah Neufeld Tim Kingsbury Marika Anthony-Shaw |
Tidlegare medlemmer | Howard Bilerman Josh Deu Brendan Reed Tim Kyle Dane Mills Myles Broscoe Martin Prete |
Prisar | Juno Award for Group of the Year, Juno Humanitarian Award |
Arcade Fire er ei prisløna kanadisk indie rock-gruppe frå Montreal. Ho består av ekteparet Win Butler og Régine Chassagne, William Butler, bror til Win, og har hatt mange medlemmer opp igjennom åra.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Arcade Fire starta opp i 2001, men gav ut sitt fyrste album i 2004. Det fekk namnet Funeral - «Gravferd», og selde til gull både i heimlandet og i Storbritannia. I 2005 vart songane deira brukt både i fjernsynsserien Six Feet Under og i eit BBC-program. Dei opptredde i The Late Show with David Letterman i USA same året. Då U2 reiste på turné med cden Vertigo i 2005/2006, varma Arcade Fire opp for fleire av konsertane deira. I 2005 fekk dei den kanadiske Juno-prisen for beste låtskrivarar. Dei var også nominert til BRIT Awards.
Andreplata til Arcade Fire kom ut i 2007 og fekk tittelen Neon Bible. I 2009 vart ein av singlane frå Funeral brukt i filmen Til huttetuenes land. Tredjealbumet til Arcade Fire kom ut i 2010 og fekk tittelen The Suburbs - «Forstadene». Dette vann ein Grammy-pris for årets album. Dei vann også fleire Juno-prisar og BRIT Awards for albumet.
Diskografi[endre | endre wikiteksten]
- Funeral (2004)
- Neon Bible (2007)
- The Suburbs (2010)
- Reflektor (2013)
- Everything Now (2017)
- We (2022)
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen byggjer på «Arcade Fire» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2012.