Arctic Chess Challenge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Arctic Chess Challenge er ei internasjonal sjakkturnering som vart arrangert i Tromsø kvart år i åra 2006-2010. Det første året var namnet Midnight Sun Chess Challenge. Turneringa var ein del av Tromsø Sjakklubb og Norges Sjakkforbund si satsing på å få tildelt Sjakk-OL i 2014. Turneringa hadde aukande deltaking, og i 2010 deltok det 164 spelarar frå 35 land, av desse 25 stormeistrar.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

1. plass 2. plass 3. plass
2006 Sergej Sjipov Magnus Carlsen Leif Erlend Johannessen
2007 Alexandr Moisejenko Kjetil Aleksander Lie Vugar Gashimov
2008 Igor Kurnosov Simen Agdestein Matthew Turner
2009 Monika Socko Ray Robson Marijan Petrov
2010 Mikhail Kobelia Manuel Leon Hoyos Chanda Sandipan

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]