Kuskjel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Arctica islandica)
Kuskjel
Kuskjel
Kuskjel
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Klasse: Muslingar Bivalvia
Orden: Veneroida
Overfamilie: Astartoidea
Familie: Cardiniidae
Slekt: Arctica
Art: Kuskjel A. islandica
Vitskapleg namn
Arctica islandica

Kuskjel (Arctica islandica) er ein musling frå Nord-Atlanteren som er den einaste nolevande arten i kuskjelfamilien. Det blir brukt som matskjel ein del stader, og som agn.

Skildring og levevis[endre | endre wikiteksten]

Kuskjel i ei hand.

Kuskjelet er temmeleg rundt og brunt med fine konsentriske ringer i skalet. Det blir opptil 12 cm breidt[1] og kan bli høgare enn 50 mm.[2]

Arten er vanleg å finna på djupne på nokre få meter, men kan også leva mykje djupare.[1]

Dei ligg som oftast nedgrovne i sand- og mudderbotn.[1] Ofte ligg fleire skjel tett saman, og stikk berre så vidt opp av botnen.[1] Kuskjel er sårbar for mekanisk påverknad, som tråling.[1]

Kuskjel finst langs heile norskekysten.[1]

Mellom gjellene har kuskjell ofte ein sambuar i form av ein nemertine eller slimorm.[1]

Alder[endre | endre wikiteksten]

Det eldgamle kuskjelet «Ming».

Kuskjel kan bli særs gamle. Det eldste skjelet ein har funne og studert blei rekna ut til å vera 507 år gammalt. Dette er den lengste stadfesta levetida til noko dyr (Metazoa).[3][4][5] Skjelet, som er blitt kalla «Ming», blei plukka i levande tilstand utanfor Island i 2006. Eit anna kuskjel som blei plukka ved Island i 1868 blei funne å vera 374 år gammalt.

Ein finn alderen til kuskjel ved å studera vekstringane i skjela deira, liknande årringar. Studiar av vekstraten og oksygenisotopar viste svært varierande vekst i samband med Den vesle istida rundt 1550–1620 og det milde klimaet rundt 1765–1780, og ein fann spor etter Tambora-vulkanutbrotet i 1815.[6] Medan kuskjel i relativt djupe og kalde område kan nå høge aldrar, er sørlege bestandar av skjel med større variasjonar i temperatur og salinitet som regel mykje meir kortliva. Kuskjel frå Tyskebukta blir typisk rundt 150 år, medan skjel frå Kielbukta berre blir rundt 30 år.[7]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kuskjel kan etast av menneske, og blir brukte som mat i fleire land. I USA hauster ein fleire hundre tusen tonn årleg.[1]

På Island er dei viktige som agnskjel, ein bruk dei også har i Noreg.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 «Kuskjell», Store norske leksikon, 30. mars 2013 
  2. R. Witbaard; M.J.N. Bergman (2003). «The distribution and population structure of the bivalve Arctica islandica L. in the North Sea: what possible factors are involved?» (PDF). Journal of Sea Research 50: 11–25. doi:10.1016/s1385-1101(03)00039-x. Arkivert frå originalen (PDF) 28. september 2011. Henta 8. desember 2016. 
  3. Munro, D.; Blier, P.U. (2012). «The extreme longevity of Arctica islandica is associated with increased peroxidation resistance in mitochondrial membranes». Aging Cell 11 (5): 845–55. doi:10.1111/j.1474-9726.2012.00847.x. 
  4. Butler P.G. (2012), Clam shells, climate change and ageing: The mollusc that had 500 birthdays. Catalyst Secondary School Review, 23(1), 6-8
  5. P. Bulter et al. (2012), Characterising the microstructure of Arctica islandica shells using NanoSIMS and EBSD. Geophysics, Geochemistry, Geosystems 13(4), Q04002 doi: 10.1029/201
  6. Schone B.R. et al. 2005. Palaeogeography, Palaeoclimatology, Palaeoecology 228, 130-148.
  7. Strahl, Julia (2011). Life strategies in the long-lived bivalve Arctica islandica on a latitudinal climate gradient – Environmental constraints and evolutionary adaptations. Alfred Wegener Institute, Helmholtz Centre for Polar and Marine Research, University of Bremen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]