Liten laksetobis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Arctozenus)
Liten laksetobis
Liten laksetobis
Liten laksetobis
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Øglefiskar Aulopiformes
Familie: Laksetobisfamilien Paralepididae
Slekt: Arctozenus
Art: Liten laksetobis A. risso
Vitskapleg namn
Arctozenus risso

Liten laksetobis (Arctozenus risso) er ein fiskeart i laksetobisfamilien som finst i dei fleste tempererte og tropiske hav i verda. Han er den einaste arten i slekta Arctozenus.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fisken er svært lang og smal med spist hovud, store auge og ein stor munn med kvasse tenner.[1][2] Han er sølvfarga. Kroppen minner om den til ein barrakuda,[3] og bukfinnane og ryggfinnen er plasserte langt bak på kroppen. Den lengste finnen er analfinnen, som har 30 til 32 finnestråler. Nær halefinnen har han ein liten feittfinne.[4] Lengda kan vera opptil 30 cm.[1]

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Den mindre laksetobisen er ein pelagisk fisk som lever frå havoverflata til djupner på 2 200 meter. Føda består av småfisk og reker. Han leikar i tempererte og tropiske farvann. Larvene er pelagiske.[1]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten finst i sørlege Arktis og i alle tempererte og tropiske hav mellom 71°N og 55°S.[5] Han unngår vatna kring Dei britiske øyane, men går inn i det vestre Middelhavet.[6] Laksetobisen vitjar ein sjeldan gong norske farvatn.[7]

Arten er føde for mange pelagiske predatorar, som blekksprutar, vanlege delfinar og albakorar.[8][9][10] For menneske har han inga økonomisk tyding.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jarre-Teichmann, Astrid (20. april 2010). «Arctozenus risso (Bonaparte, 1840) Spotted barracudina» (på engelsk). Fishbase. Henta 1. juli 2010. 
  2. «Ribbon Barracudina, Arctozenus risso (Bonaparte, 1840)» (på engelsk). Australian Museum. Henta 1. august 2010. 
  3. Curry-Lindahl, Kai: Våra fiskar : havs- och sötvattensfiskar i Norden och övriga Europa, Norstedts, Stockholm 1985, s. 361. ISBN 91-1-844202-1. 
  4. Muus, Bent J; Nielsen, Jørgen G; Svedberg, Ulf: Havsfisk och fiske i Nordvästeuropa, Prisma, Stockholm 1999, s. 108-109. ISBN 91-518-3505-3. 
  5. Jarre-Teichmann, Astrid (20. april 2010). «Arctozenus risso (Bonaparte, 1840) Spotted barracudina» (på engelsk). Fishbase. Henta 1. juli 2010. 
  6. Muus, Bent J; Nielsen, Jørgen G; Svedberg, Ulf: Havsfisk och fiske i Nordvästeuropa, Prisma, Stockholm 1999, s. 108-109. ISBN 91-518-3505-3. 
  7. Curry-Lindahl, Kai: Våra fiskar : havs- och sötvattensfiskar i Norden och övriga Europa, Norstedts, Stockholm 1985, s. 361. ISBN 91-1-844202-1. 
  8. Cherel, Y.; Duhamel, G. (2003). «Diet of the squid Moroteuthis ingens (Teuthoidea: Onychoteuthidae) in the upper slope waters of the Kerguelen Islands». Marine Ecology Progress Series 250: 197–203. doi:10.3354/meps250197. 
  9. Pusineri, C.; Magnin, V. R.; Meynier, L.; Spitz, J. R. M.; Hassani, S.; Ridoux, V. (2007). «Food and feeding ecology of the common dolphin (Delphinus delphis) in the oceanic northeast Atlantic and comparison with its diet in neritic areas». Marine Mammal Science 23: 30–47. doi:10.1111/j.1748-7692.2006.00088.x. 
  10. Pusineri, C.; Vasseur, Y.; Hassani, S.; Meynier, L.; Spitz, J.; Ridoux, V. (2005). «Food and feeding ecology of juvenile albacore, Thunnus alalunga, off the Bay of Biscay: a case study». ICES Journal of Marine Science 62: 116–122. doi:10.1016/j.icesjms.2004.09.004. 
  11. Vøllestad, Asbjørn (8. april 2022). «laksetobiser». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Liten laksetobis