Ard na Caithne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ard na Caithne is located in
Plasseringa til Ard na Caithne

Ard na Caithne, som tyder «Jordbærtrehøgda» (tidlegare kalla Smerwickengelsk), er ei bukt på Dinglehalvøya sørvest på Irland. Ho ligg nedanfor An Triúr Deirfiúr og Mount Brandon. Av landsbyar ved bukta finn ein Baile an Fheirtéaraigh, Baile na nGall og sjølve Ard na Caithne.

Dún an Óir, «Festninga av Gull», er ei festning frå jernalderen nær hamna. Ho var åstad for omleiringa av Smerwick i 1580 under Desmondopprøra. Dette var ein av dei største massakrane på 1500-talet på Irland. James Fitzmaurice Fitzgerald gjekk i land med ein liten paveleg invasjonsstyrke i juli 1579 og starta Det andre Desmondopprøret, men mista livet etter berre ein månad. Landgangen starta ein krig som varte i tre år. I september 1580 gjekk ein annan styrke i land med om lag 600, hovudsakleg italienske, soldatar. Dei bygde mellom anna om Dún an Óir i italiensk stil. Etter nokre dagar vart skipa deira erobra av ein engelsk marinestyrke under William Winter. Samstundes hindra Arthur, Baron Grey de Wilton og Jarlen av Ormond opprørsstyrkar i å slå seg saman med italienarane. Grey heldt fram med ei omleiringa av festninga med eit kraftig bombeåtak frå sjøen og etter to dagar overgav italienarane seg utan vilkår. Grey tok bort festningane og våpna til troppane, sperra dei inne i festninge og avretta samtlege 600.

Dei fleste fangane vart halshogd på ei slette i nærleiken i løpet av to dagar, inkludert kvinner og born. I dag vert sletta kalla Gort a Ghearradh (Hoggesletta), medan sletta der hovuda vart gravlags heiter Gort na gCeann (Hovudesletta).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]