Arda i Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg elva Arda i Bulgaria.
Arda
elv
Land  Italia
Lengd 56 km
Middelvassføring /s
Kjelde Monte Lama i Dei liguriske Appenninane
 - høgd 1 200 moh.
Munning Po
Kart
Arda i Italia
45°02′05″N 10°03′13″E / 45.03472222°N 10.05361111°E / 45.03472222; 10.05361111
Wikimedia Commons: Arda River (Italy)

Arda er ei elv i Emilia-Romagna i Italia og ei av sideelvane til Po frå høgre. Nesten heile elva ligg innanfor provinsen Piacenza.

Ho har sitt utspring i ei høgd på 1 200 meter over havet i Dei liguriske Appenninane nordvest for Monte Lama (nær Monte Menegosa) i kommunen Morfasso. Etter om lag 15 km, i ei høgd på 341 moh. er ho demma opp. Dette har skapt reservoaret Lago di Mignano, som dekkjer eit areal på om lag 2 km² og vert både nytta som vassforsyning og til produksjon av straum.

Elva renn så gjennom Lugagnano Val d'Arda og Castell'Arquato før ho renn ut på Posletta og gjennom Fiorenzuola d'Arda og Cortemaggiore. Før ho munnar ut i Po, nær Polesine Parmense, mottar ho Ongina frå høgre, som har sitt utspring i Piacenzaåsane mellom Alseno og Castell'Arquato.

Arda følgjer det vanlege mønsteret til elvar i Appenninane med størst vassføring om våren og hausten og minimal vassføring om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]