Ardea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ardea
Herodiashegre, Ardea herodias Foto: Hans Hillewaert
Herodiashegre, Ardea herodias
Foto: Hans Hillewaert
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Familie: Hegrefamilien Ardeidae
Underfamilie: Ardeinae
Slekt: Ardea
Linné, 1758

Ardea er ei biologisk slekt av fuglar og medlem av hegrefamilien, Ardeidae. Carl von Linné kalla denne slekta store hegrar, med tilvising til den generelt store storleiken på desse fuglane, typisk 80-100 cm eller meir i lengd.

Desse store hegrane er knytt til våtmarker kor dei beitar på fisk, froskar og andre vasslevande artar.

Dei fleste medlemmane av denne nesten verdsomspennande gruppa er kolonihekkarar i tre, dei byggjer store reir av trepinnar. Nordlege artar som herodiashegre, gråhegre og purpurhegre kan trekkje sørover om vinteren, sjølv om dei to førstnemnte gjer det berre frå område der vatnet frys.

Dette er kraftige fuglar med store spydliknande nebb, lange halsar og lange bein, som jaktar ved å vente urørlig eller følgje byttedyra på grunt vann før dei grip byttet med eit plutseleg utfall. Dei har ein langsam jamn flukt, med halsen trekt inn, slik som karakteristisk for hegrar medrekna røyrdrumar, og dette skil dei frå storkar, traner og skeistorkar, som strekkjer halsen ut under flukt.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Ardea i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ardea
  • James A. Kushlan & James A. Hancock: Herons. Oxford University Press, 2005, ISBN 0-19-854981-4