Ardennaroffensiven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ardenneroffensiven)

Ardennaroffensiven var eit slag som fann stad under den andre verdskrigen. Offensiven starta i desember 1944, og dette var den siste tyske offensiven på Vestfronten under verdskrigen.

Med denne offensiven planla den tyske hæren å slå ein stor kile inn i den allierte fronten, for så å svinge nordover og erobre Antwerpen frå dei allierte. Dermed ville ein dela dei allierte armeane i to. Leiaren for Nazi-Tyskland. Adolf Hitler, hadde håp om at denne offensiven ville tvinga dei allierte til å forhandla fram ein fredsavtale med aksemaktene som vinnarar. Tyskarane kalla operasjonen «Wacht Am Rhein» i eit forsøk på å lura dei allierte til å tru at det var ein forsvarsplan. I engelsk-talande land er slaget blitt kjend som «Battle of the Bulge», då den tyske framrykkinga førte til at frontlinjene framstod som ein «bul» på kartet.

Tyskarane innleidde ardennaroffensiven om morgonen den 16. desember 1944. Innan julaftan 1944 hadde den tyske operasjonen stoppa nesten heilt opp, men fyrst den 8. januar 1945 innsåg tyskarane at slaget var tapt og byrja tilbaketrekkinga. Sjølv om offensiven slo feil for tyskarane, batt han opp store ressursar på den allierte sida. Dei allierte styrkane var også seine med å reagera på det tyske angrepet, noko som forseinka dei allierte i fleire månadar. Dei allierte fekk på den andre sida moglegheita til å nedkjempe nokre av dei best trente tyske avdelingane som var stasjonert langs dei tyske forsvarsverka på grensa mot Frankrike, Belgia og Luxembourg. Dette gjorde dei seinare kampane i Tyskland mykje lettare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

The German Counteroffensive in the Ardennes fra US Army (engelsk)