Hopp til innhald

Ardonelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ardon
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 2 700 km²
Lengd 102 km
Kjelde Store Kaukasus
Munning Terek
Kart
Ardonelva
42°41′36″N 43°58′30″E / 42.693333333333°N 43.975°E / 42.693333333333; 43.975
Wikimedia Commons: Ardon River

Ardon (russisk Ардон) er ei elv i Nord-Ossetia i Russland og ei av sideelvane til Terek frå venstre. Elva er 102 km lang og har eit nedslagsfelt2 700 km².

Kjelda til Ardon er isbrear i Store Kaukasus.

Byane Alagir og Ardon ligg ved elva.