Ardresteinane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den mest kjente av Ardresteinane er steinen med Volundframstillinga
Volundframstillinga, der to hovudlause lekamar ligg attom smia, som vert symbolisert med smed-tenger
G 114, ein av dei andre Ardresteinane.

Ardresteinane er det moderne namnet på ti biletsteinar som vart funne under golvet i Ardre kyrka på den svenske øya Gotland i Austersjøen då kyrkja vart restaurert i åra 1900 til 1902. Steinane er tidfest til perioden frå 700-talet til 1000-talet e.Kr., og er nå teke vare på av Statens historiska museum i Stockholm. Sju av biletsteinane hadde innskrifter i runer, og det vert rekna med at dei har vore sett saman som ei kiste som kan ha vore nytta som eit slags altar.

Den største og truleg mest kjende av desse biletsteinane var utan runeinnskrift og har vore frittståande. Steinen har fått nummer åtte i gruppa, tidfest til perioden frå 700-talet til 900-talet. Denne steinen syner mellom anna i øvste biletfeltet ein ryttar på ein hest med åtte bein som har stor likskap med ryttaren på hesten med dei åtte beina på Tjängvidesteinen, som òg er frå Gotland. Vanlegvis vert dette motivet tolka som guden Odin på sin hest Sleipner.

I det store biletfeltet under feltet med guden Odin, avgrensa med frå dette med ein bord, er det mellom dei mange figurane ei framstilling som vert tolka som smia til meistersmeden Volund og hendingane knytt til denne smia, omtalt i Volundkvadet i Den eldre Edda. Dersom tolkinga er rett, har ein altså her ei autentisk heiden framstilling av denne historia. Denne historia har då inngått i mytologien på eit vis som dei andre figurane i dette feltet gjev eit vanskeleg tolkbart innblikk i. Det er difor ikkje uten vidare gitt at framstillinga av myten om tilhøvet mellom Volund og kongefamilien som er å lese i Volundkvadet harmonerer med den framstillinga som er å sjå på steinen, når ein ser alle motiva i biletfelta på steinen i samanheng med kvarandre.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Nylén, Erik & Jan Peder Lamm.1987, Bildstenar (om dei gotlandske biletsteinane), Gidlunds. ISBN 91-7844-087-4