Are Frode Søholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Are Frode Søholt
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. oktober 1974
Rauland kommune
Død

18. januar 2012 (37 år)
Bergen

Yrke Dagleg leiar for kulturhus, festivalsjef, songar, forfattar
Periode 2010-2012
Debut Ho står i rommet mitt og brenn
Nettstad soholt.no

Are Frode Søholt (4. oktober 197418. januar 2012)[1][2] var ein norsk songar og forfattar frå Gloppen.

Søholt var utdanna cand.philol. frå Griegakademiet ved Universitetet i Bergen, og hadde arbeidd som prosjektleiar for Tromsø Symfoniorkester, konsulent for Den Norske Opera, prosjektkoodinator for Grieg 07, dagleg leiar for Norsk Barokkorkester og prosjektkoordinator for Norcode før han vart dagleg leiar for kulturhuset Trivselshagen heime i Gloppen. Han var også festivalsjef for Gloppen Musikkfest frå 2003 til han døydde.[3]

Som songar medverka han ved mange kyrkjemusikalske oppsetjingar og han var medlem i Det Norske Solistkor frå 2004. Andre kor han var med i var KorVest, Bergen Domkantori, Den Norske Operas kor, VokalArt og Vokal Nord.[3]

Han debuterte som forfattar i 2010 med diktsamlinga Ho står i rommet mitt og brenn utgjeven av Tiden Norsk Forlag. Året etter kom Antisorg, også det ei diktsamling,[4] og i 2012 vart den tredje diktsamlinga hans, kalla Luftorkester, utgjeven posthumt.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2010 – Ho står i rommet mitt og brenn – diktsamling
  • 2011 – Antisorg – diktsamling
  • 2012 – Luftorkester – diktsamling (utgjeven posthumt)

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Kontakt»». soholt.no. Henta 25. mars 2012. 
  2. Nekrolog i Aftenposten 16. februar 2012, skriven av Ragna Sofie Grung Moe, Brynjulf Stige og Hilde Haraldsen Sveen
  3. 3,0 3,1 ««Curriculum Virae»». soholt.no. Henta 25. mars 2012. 
  4. [1] «Are Frode Søholt» på Tiden

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]