Arent M. Henriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arent M. Henriksen
Fødd 8. desember 1946

Sørfold

Parti Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti

Arent Mikal Henriksen (fødd 8. september 1946 i Sørfold i Nordland) er ein norsk politikar for SV. Han starta den politiske karrieren sin i AUF, og var medlem av landsstyret i 1968 til 1969 og 1972 til 1973. Han involverte seg i Folkerørsla mot norsk medlemskap i Fellesmarknaden, og vart sekretær der. Han vart òg ein lokal leiar i Trondheim for Informasjonskomiteen til Arbeidarrørsla mot norsk medlemskap i EEC (AIK). Han slutta seg til dei delene av AIK som gjekk frå Arbeidarpartiet til det nydannete partiet Demokratiske Sosialistar – AIK som inngjekk i Sosialistisk Valforbund ved valet i 1973.same år og frå 1975 sammensluttet i Sosialistisk Venstreparti. Henriksen var vekselvis leiar og nestleiar i Trondheim SV 1977–79 og representerte partiet i bystyret 1979–83.

Han vart innvald på Stortinget som representant for SV frå Sør-Trøndelag i perioden 1973 til 1977, og var då den yngste representanten. Han vart så vald til Trondheim bystyre i perioden 1977 til 1983, og vart vald til Stortinget i perioden 1981 til 1989. Han var SVs finanspolitiske talsmann i denne tida.

Etter dette gjekk Henriksen inn i lokalpolitikken i Bjugn, der han vart innvalgt i kommunestyret i 1991. Han var ordførar i perioden 1995–1999.

I samband med folkeavstemmingen om EU i 1994 gjorde han det klårt at han var for, og i 2000 tok han konsekvensen av dette og melde seg inn i Ap.

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]