Argalisau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Argalisau

Karkaraly National Park 11.jpg

Vitskapleg namn
Ovis ammon
Utbreiing
Status i verda: NT Nær truga
Region: Sentral-Asia

Utbreiingskart

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Bovidae
Caprinae
Slekt: Ovis

Argalisau (Ovis ammon) er ein partåa klauvdyrart i underfamilien Caprinae i oksefamilien som kjem frå fjellområde i Sentral-Asia. Han er rekna som nær truga.

Argali er ein villsau som er stor og kraftig, med ei vekt oppimot 150 kg eller meir for hannar, noko mindre enn hoer. Fargen er gråbrun med lys underside. Sauen har kraftige snodde horn som kan bli opptil 190 cm lange frå rot til spiss. Begge kjønn har horn, hoa noko mindre enn hannan.

Sauen lever i flokkar på 8–10 dyr, og er svært sky. Aragalisau har eit stort utbreiingsområde, men populasjonane lever spreidd og det finst fleire ulike underartar. Klassifikasjonen av desse er ikkje heilt fastlagd, men ein opererer gjerne med ni underartar: O. a. ammon, O. a. collium, O. a. comosa, O. a. darwini, O. a. hodgsoni, O. a. karelini, O. a. nigrimontana, O. a. polii og O. a. severtzovi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Argalisau» (12. mars 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 29. november 2014.
  • Harris, R.B. & Reading, R. «Ovis ammon». The IUCN Red List of Threatened Species. Version 2014.3. Vitja 29. november 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]