Argentina Cove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°40′11.1″S 60°24′20.8″W
Argentina Cove
vik
Polish-Bluff-Antarctica.JPG
På stranda ved vika
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°40′11.1″S 60°24′20.8″W
Administrert under Antarktistraktaten
Plasseringa til Hurd Peninsula i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Hurd Peninsula i Sør-Shetlandsøyane.
Argentina Cove is located in Antarktis
Argentina Cove (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Argentina Cove er ei 1,28 km brei vik som trengjer 330 m søraustkysten av Hurd PeninsulaLivingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho er ein del av South Bay, mellom Polish Bluff og Henry Bluff. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av selfangarar som opererte frå nærliggande Johnsons Dock.

Vika vart kartlagd og namngjeven av den spanske antarktisekspedisjonen i 1991.

Vika ligg 3,3 km sør-sørvest for Hespérides Point og 5,84 km nord-nordaust for Miers Bluff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]