Argentinsk monte
Argentinsk monte | |||
Økoregion | |||
Cardon-kaktus Leucostele terscheckii og guanakoar. Frå Los Cardones nasjonalpark i Saltaprovinsen i den nordlege randsona av regionen.
| |||
Land | Argentina | ||
---|---|---|---|
Areal | 408 961 km² | ||
Argentinsk monte er ein økoregion med tørrt tornekratt og grassletter i Argentina. Det er eit av dei tørraste områda i landet. Menneskelege busetjingar finst hovudsakleg nær vasskjelder som elvar eller oasar. Avskoging og overbeiting rundt desse busetjingane har forårsaka ørkenspreiing.
Lokasjon
[endre | endre wikiteksten]Argentinsk monte ligg i det nord-sentrale Argentina og dekkjer eit areal på mellom 408 961 [1] og 470 000 km².[2][3] Området ligg aust for Andesfjella og strekkjer seg frå Salta-provinsen i nord til Chubut-provinsen i sør. Monte er nokre gongar skildra som eit sørleg[2] og eit nordleg[3] monte. Økoregionen strekkjer seg frå Andesfjellas austlege fotområde og i sør ut til Atlanterhavet. I sør og sørvest glir området over i patagoniasteppa. I nordlege delar grensar argentinsk monte til tørr chaco i aust og til yungas og puna i nord og vest.[4][2][3][1]
Fysiske kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Høyden varierer frå havnivå langs Atlanterhavskysten til 2 800 meter i vest. Regionen inkluderer delar av nedbørsfelta til Río Negro og Río Colorado. Lagunas de Guanacache, Desaguadero y del Bebedero i Mendoza-provinsen utgjer det viktigaste våtmarksområdet i økoregionen og er utpeika som eit Ramsar-område. Dette er ei lang kjede av lagunar og sumpområde som blir mata av Mendozaelva og San Juan-elva og drenerer inn i Desaguadero-elva. Innsjøane og bekkene er for det meste sesongbaserte eller periodiske.
Økoregionen er den klart tørraste delen av Argentina. Köppens klimaklassifikasjon for området er BSk: tørr steppe, kald ørken. Årleg nedbør er mellom 80 og 250 millimeter. I dei nordlege og sentrale delane er det meir regnet om sommaren, medan i det kaldare sør er den månadlege nedbøren jamnare fordelt. Ved eit målepunkt på koordinatane 38,25°S, 67,25°V varierer gjennomsnittstemperaturen frå 6,3 °C i juli til 23,1 °C i januar. Den årlege snittet er 15 °C. Den årlege nedbøren er omtrent 175 millimeter, med månadleg nedbør som varierer frå 5,4 millimeter i juli til 25,7 millimeter i oktober.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Argentine Monte» frå Wikipedia på engelsk, den 26. november 2024.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Dellafiore, Claudia, Southern South America: Southern Argentina, stretching northward (NT0802), WWF: World Wildlife Fund, henta 26. november 2024
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Monte de Llanuras y Mesetas». Jefatura de Gabinete de Ministros, Argentina (Leiar av ministerkabinettet), argentina.gob.ar.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Monte de Sierras y Bolsones». Jefatura de Gabinete de Ministros, Argentina (Leiar av ministerkabinettet), argentina.gob.ar.
- ↑ Abraham, Elena; H.F. del Valle; F. Roig; L. Torres; J.O. Ares; F. Coronato; R. Godagnone (2009). «Overview of the geography of the Monte Desert biome (Argentina)» (PDF). Journal of Arid Environments (Elsevier) 73: 144––153. doi:10.1016/j.jaridenv.2008.09.028.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «The Enigmatic Argentine Monte: Unveiling the Secrets of a Unique Desert Ecoregion» (på engelsk). LAC Latin America & Caribbean Geographic. 24. mai 2024.