Argonlaser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Argonlaser

Argonlaser eller argon-ionelaser er ein ionelaser som sender ut lys med bølgjelengd på 488,0, 496,5 og 514,5 nm. Laseren er fylt med argon. Det er spektralovergangar i enkeltladde argonion som er grunnlaget for verkemåten til denne laseren.

Argonlaseren vart oppfunnen av William Bridges ved Hughes Aircraft i 1964.

Argonlaser vert nytta for operasjonar på netthinna, til litografi og laserpumping av andre laserar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]