Argostóli
| Argostóli Lokalt namn Αργοστόλι | |
|---|---|
Utsyn mot Argostóli og Argostólibukta | |
| Geografi | |
| Stad | Dei joniske øyane |
| Koordinatar | 38°11′N 20°29′E / 38.183°N 20.483°E |
| Areal | 372,7 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining | Dei joniske øyane Kefaloniá |
| Hovudsete | Argostóli (10 120 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 23 574 (2021[1]) |
| Folketettleik | 63,3 /km² |
Argostóli (gresk Αργοστόλι) er ein by og ein kommune på øya Kefaloniá i periferieininga Kefaloniá i periferien Dei joniske øyane i Hellas. Byen Argostóli er hovudstaden i periferieininga. Han ligg på austsida av Argostólibukta, som skjer inn frå sør i den vestlege delen av øya.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]
Argostóli hadde vore eigen kommune fram til 2011, men vart då ei kommunaleining i kommunen Kefaloniá.[2] Frå 2019 vart storkommunen delt opp att, og dei opphavlege kommunane Argostóli, Eliós-Prónni, Livathós og Omalá vart kommunaleiningar i den nye kommunen Argostóli.[3]
Ved folketeljinga i 2021 var det 23 574 innbyggjarar i det som no er kommunen Argostóli. Kommunaleininga med same namn hadde 13 666 innbyggjarar, medan tettstaden Argostóli hadde 10 120 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
| Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[4] | Folketal 2021[1] |
|---|---|---|---|
| Argostóli | Argostóli | 9 748 | 10 120 |
| Póros | Eliós-Prónni | 930 | 884 |
| Peratáta | Livathós | 751 | 796 |
| Svoronáta | Livathós | 710 | 694 |
| Valsamáta | Omalá | 763 | 676 |
| Lakíthra | Livathós | 613 | 671 |
| Skála | Eliós-Prónni | 760 | 639 |
| Vlakháta | Livathós | 699 | 632 |
| Razáta | Argostóli | 507 | 548 |
| Dilináta | Argostóli | 496 | 507 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Νόμος 4600/2019 - ΦΕΚ 43/Α/9-3-2019
Lov 4600/2019: Endringar i Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 1. august 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert