Argyre Planitia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Argryre Planitia ligg til venstre på dette Viking 1-biletet.

Argyre Planitia er eit nedslagskraterMars med ein diameter på kring 900 km. Krateret har ein lys okerfarge når det ikkje er dekt av frost. Kraterkantane er opp til 3 km høge. Krateret er kringsett av fjellkjedene Nereidum Montes i nord og Charitum Montes i sør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Argyre Planitia» s. 26 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
    Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.