Arhuacokjerrsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arhuacokjerrsporv
Arhuacokjerrsporv
Arhuacokjerrsporv
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Arhuacokjerrsporv
Utbreiinga av Arhuacokjerrsporv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Amerikasporvfamilien Passerellidae
Slekt: Arremon
Art: Arhuacokjerrsporv A. basilicus
Vitskapleg namn
Arremon basilicus

Arhuacokjerrsporv (Arremon basilicus) er ein fugl i amerikasporvfamilien, Passerellidae, og er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Arhuacokjerrsporven er ein stor og kraftig bygd busksporv, ca. 19 centimeter i kroppsslengd. Han har lett kjenneleg fjørdrakt: oversida og stjerten er brun til olivengrøn, kroppssidene blir gradvis lysare olivengrøne, på brystet og sentralt på buken går grønfarga over i grått. Nebbet er mørkt. Hovudet har distinkte grå og svarte striper: sentralt ei grå stripe frå nebb til nakke, ei svart stripe på kvar side, deretter grå striper som ender opp i ein krage ned mot brystet. Kinnet er svart og strupen kvit. Han har dessutan eit distinkt svart band som skil strupeområdet frå brystet.

Han lever mellom 600 og 2800 moh. helst i utkanten av våt, alpin skog. Han beitar på bakken, og ofte under tett vegetasjon.

Songen er sett saman av snøgge, høgfrekvente kvislelydar, og varsellætet er skarpt.

Dette taksonet var tidlegare rekna som underart av kvitbrynkjerrsporv, Arremon torquatus. A. basilicus kom først inn som ein sjølvstendig art i Clementslista frå 2011.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jaramillo, A. (2011). Bangs's Brush-finch (Arremon basilicus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. august 2015
Referansar
  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011), Updates & Corrections: August 2011, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, ref til "Page 679, Stripe-headed Brush-Finch Arremon torquatus"

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Arhuacokjerrsporv