Ariana Grande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ariana Grande
Ariana Grande Grammys Red Carpet 2020.png
Fødd26. juni 1993 (29 år)
FødestadBoca Raton
FødenamnAriana Grande-Butera
Aktive år2008–
Verka somvelgjerar, singer-songwriter, skodespelar, musikkprodusent, modell, dansar, stemmeskodespelar
EktefelleDalton Gomez
SambuarPete Davidson, Mac Miller, Big Sean, Nathan Sykes, Dalton Gomez
PrisarAmerican Music Award, Billboard Music Awards, Nickelodeon Kids' Choice Awards, Grammy Award, æresborger av Manchester

Ariana Grande-Butera[a] (fødd 26. juni 1993) er ein amerikansk songar og skodespelar.[1] Ho starta karrieren i Broadway-musikalen 13 i 2008 saman med Elizabeth Gilles, før ho spelte rolla som Cat Valentine i Nickelodeon-serien Victorious (2010–2013) og i spin-off-serien Sam & Cat (2013–2014). Ho har òg hatt andre teater- og TV-roller, og dessutan hatt stemmeroller for animerte figurar på både TV og i filmar.

Grande sin musikkarriere byrja i 2010 med lydsporet Music from Victorious.[2] I 2013 lanserte ho det første studioalbumet sitt Yours Truly, som kom inn på den amerikanske Billboard 200-lista. Singelen til albumet, «The Way» som ho framførte saman med Mac Miller, debuterte på topp 10 av Billboard Hot 100, med meldarar som samanlikna den store vokale rekkjevidda hennar med den til Mariah Carey. Ho har òg vunne ei rekkje andre prisar i karrieren sin som soloartist.

19. februar 2019 vart Grande historisk då ho vart den første soloartisten til å oppnå første-, andre- og tredjeplass på Billboard Hot 100-hitlista samtidig. Det var med singelen «7 Rings», «Break Up With Your Girlfriend, I'm Bored» og «Thank U, Next» som trona øvst på lista.[3] Alle dei 12 songane frå albumet Thank U, Next vart lista på Hot 100 ikkje lenge etter utgjevinga, der alle spora med unntak av eitt fekk plasseringar innanfor topp 40. Med denne prestasjonen sette Grande rekord for flest læt på topp 40 Billboard Hot 100 samstundes for ein kvinneleg artist, og slo den tidlegare rekorden til Cardi B på ni, veka då Invasion of Privacy debuterte i april 2018.[4]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ariana Grande voks opp i Boca Raton i Florida som dotter til Joan Grande og Edward Butera. Ho har italiensk slektsbakgrunn. Frankie Grande er den 11 år eldre halvbroren hennar. Ariana Grande byrja som skodespelar då ho var tre år gammal. Ho fekk den første skulegangen sin på North Broward Preparatory School.

Skodespelar[endre | endre wikiteksten]

Den eigentlege skodespelardebuten til Ariana Grande kom då ho spelte Charlotte i Broadway-stykket 13 i 2008. Grande er først og fremst kjend for å spela Cat Valentine i TV-serien Victorious, som går på Nickelodeon. Ho har òg spelt Cat i ei gjesterolle i ein spesialepisode av ICarly. I 2013 gjentok ho rolla som Cat Valentine i ein ny TV-serie på Nickelodeon, Sam and Cat, som også inneheldt Sam Puckett (Jennette McCurdy) frå iCarly.

Ho hadde òg ei gjesterolle i Scream Queens som Chanel#2 og rolla som Amanda Pitch Benson i komedien Swindle som kom ut i 2013

Songar[endre | endre wikiteksten]

Ariana Grande debuterte som musikar med albumet Yours Truly i 2013. Albumet, som opphavleg skulle heita Daydreamin', gjekk rett inn på førsteplassen på Billboard si topp 200-liste. Det selde i 138 000 eksemplar den første veka, slik at Grande vart den femtande kvinnelege artisten som debuterte med ein førsteplass.[5][6]

Det neste albumet hennar My Everything, som kom ut i 2014, fekk også gode kritikkar og debuterte som nummer éin på Billboard-lista. Det selde 169 000 eksemplar første veke.[7][8]

Grande sin låt «Focus» kom ut 30. oktober 2015.[9] EP-en «Christmas and Chill» kom ut 18. desember 2015 med songane «Intro», «Wit It This Chrismas», «December», «Not Just on Christmas», «True Love» og «Winter Things».

Turnear[endre | endre wikiteksten]

Ariana Grande hadde sin første verdsturné i 2015, Honeymoon Tour, frå 25. februar til 25. oktober. Då hadde ho gjeve ut albuma Yours Truly og My Everything. Turnéen bestod av totalt 88 konsertar i Nord-Amerika, Sør-Amerika, Europa og Asia. Turnéen tente inn 41,8 millionar dollar, tilsvarande omtrent 410-420 millionar norske kroner. Den neste verdsturnéen hennar var i 2017, Dangerous Woman Tour i perioden 3. februar–21. september. Det vart spelt 77 konsertar i Nord-Amerika, Sør-Amerika, Europa, Asia og Oseania. Dangerous Woman Tour tente inn 71 millionar dollar, omtrent 700 millionar norske kroner.

22. mai 2017 heldt Ariana Grande konsert i Manchester Arena då ein sjølvmordsbombar sprengte seg sjølv i lufta rett etter at Ariana hadde gått av scena. Han tok livet av 22 menneske, og Ariana Grande utsette resten av turneen. 4. juni heldt ho ein minnekonsert i Manchester med mange andre kjende artistar, blant andre Justin Bieber, Katy Perry, Coldplay og Miley Cyrus. Konserten samla inn ti millionar pund, omtrent 100 millionar norske kroner. Alle inntektene gjekk til dei pårørande.

I 2019 var ho igjen på turné med Sweetener World Tour frå 18. mars til 22. desember, som bestod av 101 konsertar. Turneen tente inn 146,4 millionar amerikanske dollar, noko som på den tida tilsvarte omtrent 1,3 milliardar norske kroner.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Notat
2010–present Victorious Cat 51 episodar
2011 iCarly («iParty with Victorious») Cat 1 episode
2011 Winx Club Princess Diaspro 1 episode
2012 Figure It Out seg sjølv 2 episodar
2013 Sam & Cat Cat 35 episodar
2013 Swindle Amanda
2015 Scream Queens Chanel#2 3 episodar
2016 Hairspray live! Penny Pingleton

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Yours Truly (2013)
  • My Everything (2014)
  • Dangerous Woman (2016)
  • Sweetener (2018)
  • Thank U, Next (2019)
  • Positions (2020)[10]

Turnear[endre | endre wikiteksten]

Hovudattraksjon

  • The Listening Sessions (2013)
  • The Honeymoon Tour (2015)
  • Dangerous Woman Tour (2017)
  • The Sweetener Sessions (2018)
  • Sweetener World Tour (2019)

Deltek på[endre | endre wikiteksten]

  • Dance to this, Bloom Troye Sivan (2018)
  • Bed, Queen Nicki Minaj (2018)
  • Quit, 9 Cashmere Cat (2017)
  • Heatstroke, Funk Wav Bounces Vol. 1 Calvin Harris (2017)
  • Faith, Sing Stevie Wonder (2016)
  • My Favorite Part, The Divine Feminine Mac Miller (2016)
  • Over and Over Again Unfinished Business Nathan Skyes (2016)
  • E più ti penso Cinema Andrea Bocelli (2015)
  • Boys Like You Who Is Fancy (2015)
  • Adore Cashmere Cat (2015)
  • All My Love (Remix) Peace Is the Mission Major Lazer (2015)
  • Research Dark Sky Paradise Big Sean (2015)
  • Get On Your Knees The Pinkprint Nicki Minaj (2014)
  • Popular Song The Origin of Love Mika (2013)

Film, TV, scene[endre | endre wikiteksten]

  • This Is Not a Feminist Song episode 15, sesong 41 Saturday Night Live (2016)
  • All My Love The Hunger Games:Mockingjay, Pt. 1 Major Lazer (2014)
  • Brand New You 13 (2014)
  • Give It Up Victorious (2011)

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Uttalen av namnet er /ˌɑːriˈɑːnə ˈɡrɑːndeɪ/. Grande uttaler namnet sitt ved 0:50 i denne videoen YouTube

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Collar, Matt. «Ariana Grande Biography». AllMusic. Henta 22. mai 2010. 
  2. Truong, Peggy (11. juli 2018). «40 Photos Showing Ariana Grande's Transformation» (på engelsk). Henta 6. november 2019. 
  3. DAHL, INGVILL DYBFEST (21. februar 2019). «Ariana Grande setter Billboard-rekord». Henta 23. februar 2019. 
  4. Rowley, Glenn (20. februar 2019). «Six Key Numbers From Ariana Grande's Record-Breaking Week». Henta 23. februar 2019. 
  5. «Ariana Grande Finishes Recording First Album». Fanlala. Arkivert frå originalen 2016-03-04. Henta 24. juni 2013. 
  6. Caulfield, Keith. «Ariana Grande Debuts At No. 1 On Billboard 200». Billboard. Henta 11. september 2013. 
  7. Sheffield, Rob (26. august 2014). «Ariana Grande My Everything». Rolling Stone. Jann Wenner. Henta 28. august 2014. 
  8. Caulfield, Keith (2. september 2014). «Ariana Grande Nabs Second No. 1 Album In Less Than A Year». Henta 5. september 2014. 
  9. «Ariana Grande «Focus» New Single». teenvogue.com. Henta 2. januar 2021. 
  10. «Try the TIDAL Web Player» (engelsk). Henta 1. november 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Ariana Grande